nyhende
Den store norske osterevolusjonen
Det er slutt på den tida då vi berre hadde kvitost, brunost og gammalost å velje mellom her i landet. No blir det ysta i kvar krok av Noreg og salstala er gode for dei lokale ostane. Mykje av dette ostemangfaldet kan vi visstnok takke ein tidlegare landbruksminister for.
Det er ikkje lenger behov for å kjøpe utanlandske ostar når du skal by på eit eksklusivt ostefat. Det kjem stadig nye norske handverksostar på marknaden, så du kan nesten smake deg landet rundt.
Heilt ferske tal viser også at omsetninga av lokalmat aukar, og ligg no på 12,3 milliardar kroner.
– Dette er eventyrlege tal. Veksten i butikk er på heile 11,2 prosent, og osten er ein av dei store vinnarane, seier direktør i Norsk Mat, Nina Sundqvist.
– Fantastisk utvikling
Ein av dei mange små ysteria som har kome til ligg i den vesle bygda Feios ved Sognefjorden. Her held det nederlandske ekteparet Guus Morel og Laurien Geerse til på Alm gard. Dei produserer både økologisk ost, honning og iskrem.
– Då vi kom til Noreg i 2004 var det ikkje rare osteproduksjonen å snakke om, men det som har skjedd dei siste åra er verkeleg imponerande. Det har vore ei fantastisk utvikling og Noreg kan no med rette kalle seg eit osteland, seier Morel til Nynorsk pressekontor.
Sjølv byrja ikkje Morel med ost før i 2022, men har sidan måtta auka produksjonen fleire gonger fordi etterspurnaden har vore så stor. Osten sel han på Bondens marknad og gjennom Reko-ringen.
Mangfald over heile landet
Dagleg leiar i næringsorganisasjonen for bygdeturisme – HANEN, Bernt Bucher Johannessen, har nyleg kome heim frå oste-VM der fleire hundre norske ostar kjempa om å bli verdsmeister. Ingen gjekk heilt til topps denne gongen, men best av dei norske vart osten «Godbiten» frå Snertingdal ysteri.
– Det er ikkje verst å kome blant dei ti beste ostane i konkurranse med heile 5000. Dette viser at vi no er heilt i verdstoppen og at det gror godt i ostelandet Noreg, seier Johannessen. Han viser også til at Noreg har gått til topps tre gonger i denne prestisjefylte konkurransen, først med «Kraftkar» frå Tingvollost, så med «Fanaosten» frå Ostegården og sist «Nidelven blå» frå Gangstad gårdsysteri.
– Det er heldigvis slutt på den tida vi berre tenkte volum i norsk osteproduksjon. No er det meir konkurranse i marknaden og det kjem forbrukarane til gode i form av eit stort mangfald, seier Johanessen.
Vellukka ostepolitikk
Mange gir tidlegare landbruksminister og venstremann Lars Sponheim æra for den norske osterevolusjonen.
– Han bestemte at Tine skulle ha henteplikt, medan bøndene ikkje hadde leveringsplikt. Det var ei fantastisk ordning. Gardsysteria kunne no yste av så mykje av mjølka dei ville og så henta Tine resten. Det har gjort, saman med andre reformar, oppblomstringa av gardsysteri mogleg, meiner Johannessen. Han fortel også at Mattilsynet måtte skulerast for nye tider.
– Hugs at vi i Noreg er fostra opp som ein einaste stor Norwegia-familie og vi har måtta lære oss å bruke upasteurisert mjølk og i tillegg la osten modne opptil fleire år. Dette skapte stort engasjement på slutten av 1990-talet. Eg hugsar enno den gongen eg fekk smake Jarlsberg-ost som var lagra i fem år, det var ei skikkeleg god oppleving, seier ostekjennaren.
Kraftkar
Bernt Bucher Johannessen nemner spesielt daglegvarekjeda Meny, som ein av dei aktørane som har satsa på norsk gardsost. Dei har gått frå å selje for 3 millionar kroner i året til heile 50 millionar. Saman med aktørar som Bondens Marked og mange av dei beste restaurantane i landet, sørgjer dei for at ostane kjem ut til folket.
– Vi har til og med byrja å eksportere osten vår. Då eg var i Madrid for ikkje så lenge sidan såg eg «Kraftkar» liggje der i disken saman med Rockefort og cheddarost, det var eit flott syn!