nyhende
Den skitne sanninga
Mennesket sin beste ven stikk snuten både i eigen bakende, søppel og i avføringa frå andre dyr. Der finst det mage skumle bakteriar, for å seie det forsiktig. Er det då greitt at du lét hunden sleikje deg i ansiktet etterpå?
– Ein hund bidreg med mikrobar og mikroflora som balanserer både immunforsvaret og tarmfloraen til menneske. Nærkontakt med dyr er difor bra for oss – så sant du og dyret er friskt, seier professor Henning Sørum ved NMBU Veterinærhøgskolen på Ås.
Han har forska på mikrobiologi i snart 40 år og er akuttveterinær ved sida av. Han kan mykje om sjukdommar som smittar frå dyr til menneske.
– Dei fleste mikroorganismar har spesialisert seg til å trivast i éin art, til dømes hund eller katt, og har ei artsbarriere som hindrar dei i å spreie seg til og etablere seg i ein annan art. Difor er det berre nokre mikroorganismar som gir sjukdom. Slik sett er det faktisk tryggare å ha ein frisk hund i familien enn å ha kontakt med andre menneske, seier Sørum.
Spørsmålet som starta det heile, var altså om det er greitt at ein hund sleikjer oss i ansiktet, slik hundar gjer for å syne at dei er glad i oss. Ei hundesnute er som kjent oppteken på mange plassar. Det er i all hovudsak uproblematisk, understrekar Sørum. Det finst likevel nokre men, seier han.
Salmonella og campylobacter
– Det er ikkje heilt uvanleg at ringorm og soppsjukdom blir overført frå hund til menneske, og salmonella kan også smitte mellom ulike artar. I Noreg finn vi mest salmonella hjå ville fuglar og planteetarar, medan husdyra har svært lite salmonella-bakteriar i tarmen. Hund kan bli smitta om han er i kontakt med avføring eller infisert mat. Hunden blir sjeldan sjuk sjølv, men han kan likevel smitte oss, fortel Sørum.
Campylobacter-bakteriar er den vanlegaste årsaka til mat- og vassborne infeksjonar i Noreg. Sjølv om Folkehelseinstituttet har påvist at det å ha hund utgjer ein større risiko for å få diaré av bakterien enn i hundelause hus, er det likevel meir vanleg å få den i seg via drikkevatn infisert med fugleavføring eller kontakt med rått kyllingkjøt frå kyllingflokkar der campylobacter-bakterien finst i tarmane hjå kyllingane.
– Campylobacter i ei drikkevasskjelde gav svært mange menneske på Askøy diare og feber i 2019. Ein reknar med at smitta kom frå regn som vaska avføring frå fuglar og dyr ned i høgdebassenget. Ein hund med campylobacter kan også lett smitte folk, så om ein hund har diare, kan det vere verdt å få det sjekka, seier Sørum.
Bakteriar i bitskader
Det er heller ikkje uvanleg at hundar og kattar bit menneske. Ved hundebit reknar ein med at bitstaden blir infisert i rundt 20 prosent av tilfella, medan opptil 80 prosent av kattebita kan gje infeksjonar. Det er særleg stafylokokkar og streptokokkar som kan dukke opp i såra.
– Ein bør alltid reinse såret etter eit bit og følgje med på korleis det utviklar seg. I mange høve kan det vere aktuelt for den som er biten å ta ein penicillinkur. Utfordringa er at mange av desse bakteriane kan vere antibiotikaresistente. Hjå hund veit me til dømes at 80 prosent av stafylokokkane er resistente mot penicillin, og difor bør ein ikkje bruke antibiotika ukritisk. Det siste me vil, er at stafylokokkane som er vanlege på hund skal kome i kontakt med stafylokokkane som er vanlege på menneske og overføre antibiotikaresistensen. Risikoen for dette er likevel låg og det er ingen studiar på dette, så her pratar me mest om eit føre-var-prinsipp, understrekar Sørum.
Unnataksvis kan også bakterien Capnocytophaga canimorsus dukke opp etter ein bitskade frå hund eller katt. Bakterien finst i spyttet hjå friske dyr, og kan i sjeldne tilfelle gje dødeleg blodforgifting og hjernehinnebetennelse hjå menneske. Det er særleg personar som har fjerna milten, alkoholikarar og dei med sterkt nedsett immunforsvar som er i faresona.
Frå rotte til hund til menneske
Bakterien Leptospira er også av det meir seriøse slaget, og smittar vanlegvis ved kontakt med badevatn eller kloakkvatn som er forureina med urin frå rotter og mus. Bakterien kan smitte via munnen, men går også gjennom menneskehud med sår eller rifter. Auka reiseverksemd blant nordmenn gjer at Leptospira ved fleire høve er blitt påvist i Noreg, spesielt på importerte hundar. Seinast i år er det dokumentert eit nytt tilfelle.
– Klimaendringane med varmare vêr kan potensielt føre til oppblomstring av bakterien her heime. Det vil i så fall utgjere ein trussel på line med det ein har i Mellom-Europa – spesielt i byane der det kan vere mykje rotter. Om ein hund bit ei rotte eller snusar på rotteavføring, kan hunden i sjeldne tilfelle smitte menneske med den alvorlege sjukdomen leptospirose, seier Sørum, som difor tilrår at hundar som skal reise til utsette område blir vaksinerte.
Låg risiko
Alle desse potensielle farane hjå hund kan kanskje verke skremmande. Då er det viktig å hugse at smitten statistisk sett er låg i høve til all den tette og daglege kontakten det er mellom hund og menneske.
– Før hadde me fokus på kva for bakteriar hjå dyr som kan gje sjukdom på menneske, og brukte antibiotika som også drap alt av gode bakteriar. Det har skapt problem i ein storleik me truleg enno ikkje forstår. I dag veit me meir, og ser difor like mykje på bakteriane som ikkje gir sjukdom, seier Henning Sørum.
Vaskar oss sjuke
Han fortel om hygieneteorien, som kort samanfatta handlar om at det ekstreme reingjeringsregimet i Vesten for alt frå klede til hus lenge vart sett på som eit bakteriefritt ideal. Det må me betale for i dag:
– Ved å koke og klore og sterilisere det meste, fjerna me kanskje salmonella og campylobacter, men fekk også ein svært høg førekomst av allergi. Då kan det vere verdt å nemne studia som har vist at det i familiar med hund er mindre førekomst av allergi enn i familiar utan hund. Sjølv om ein hund kan dra med seg mykje skit, er det skit med mest gode bakteriar som kroppane våre treng. Me veit også at folk som har eit lågt nivå med parasittar er friskare og meir bakterietolerante enn dei utan parasittar, seier Sørum.
Vinn-vinn
Korleis me handterer bakteriar og sjukdom i dag, handlar difor også om etikk og filosofi, påpeiker professoren.
– Eg tenkjer me kanskje bør ta meir attende den gamle måten å leve på. I staden for å skape eit stort problem for fleirtalet, slik det ser ut til at me har gjort ved å fjerne så mykje bakteriar frå levemiljøa våre, må me kanskje akseptere å ofre nokre få som er ekstra utsette. Men når det gjeldt kva me på nasjonalt nivå skal meine om kva som er rett og gale i slike tilfelle, synest eg heile samfunnet bør bidra til å vurdere etikken opp mot ny kunnskap i mikrobiologien.
Det er også kunnskap som avgjer kva Henning Sørum meiner om det å få ein real rundvask i fjeset av ein hund. Han er klokkeklar på at det er liten eller ingen grunn til å slutte med akkurat det:
– Om du sjølv er frisk, og du vurderer at hunden din også er det, og den ikkje har vore borti andre sjuke hundar utanlands, er det berre å la hunden sleikje. Risikoen for å bli sjuk er som sagt låg. Dei fysiske fordelane med å vere i kontakt med bakteriefloran til hunden er langt høgare.
Han smiler:
– Og dei kjem jo i tillegg til den store psykiske vinsten, som me lenge har visst at nær og dagleg kontakt med ein hund gir.