NPK-NTB: Den nye ordninga for nettleige skal ikkje innførast frå årsskiftet, men utsetjast til våren 2022, ifølgje avtalen om straumpakken mellom regjeringspartia og SV.
Omlegginga av nettleigeordninga skulle etter planen innførast frå 1. januar, men dette er no utsett, opplyste partia på ein pressekonferanse fredag.
– Mange har frykta at den nye nettleigeordninga ville gi auka utgifter på toppen av ei allereie høg straumrekning, sa SVs energipolitiske talsperson Lars Haltbrekken.
Aps energi- og miljøpolitiske talsperson Terje Aasland seier den nye ordninga har vore og er omdiskutert. Mange forbrukarar er usikre på effekten av ordninga og korleis dei skal forhalde seg, påpeikar han.
Partia meiner derfor at det ikkje er formålstenleg å innføre endringa no.