nyhende
Den norske kystlinja har dobla seg på 30 år
I 2011 kunne Kartverket opplyse at den norske kystlinja hadde vakse frå cirka 85.000 kilometer til cirka 101.000 kilometer. I dag er kystlinja 104.600 kilometer, og det er langt frå sikkert at det stansar der, ifølgje Kartverket.
– Kysten er godt kartlagt. Men endå meir detaljerte metodar kan gi endringar, seier Martin Egger i Kartverket til NRK.
For å setje det i perspektiv. Omkrinsen til jorda ved ekvator er om lag 40.000 kilometer. Det betyr at kystlinja vår strekkjer seg rundt kloden to og ein halv gonger. Ifølgje Egger har det med alle fjordane, øyene og ein generelt svingande kyst å gjere.
– I eit prosjekt frå 2010 fann vi ut av vel 70 prosent av den totale kystkonturen kjem frå kystkontur rundt øyene, medan kysten langs fastlandet står for under 30 prosent, seier Martin Egger.
Nest lengst i verda
Canada har den lengste kystlinja i verda med 202.080 kilometer, men vesle Noreg er på andreplass 82.281. Indonesia er nummer tre med 54.716 kilometer. På dei neste plassane kjem Grønland (44087 kilometer), Russland (37.653 kilometer), Filippinane (36.289 kilometer), Japan (29.751 kilometer), Australia (25.760 kilometer), USA (19.924 kilometer), New Zealand (15.134 kilometer) og Kina (14.500 kilometer).
Martin Egger minner om at ulike land kan måle kystlinja si på ulike måtar. Veldig mykje av verdigrunnlaget her i landet blir skapt langs kysten, og det er her dei fleste bur. Derfor har det vore behov for å ha kartlagt ein detaljert kystkontur.
Har ressursar til å kartleggje
Noreg har pengar og ressursar til å kartleggje kysten, men andre land har kanskje ikkje dei same ressursane eller behov.
Dette gjeld for fleire store område i nord, og han trekkjer fram Russland som eit eksempel. Her bur det ikkje så veldig mange langs kysten, så dei ser ikkje behovet for å kartleggje kystkonturen like detaljert.