nyhende
Den norske hagen har eit uforløyst potensial
Tidlegare dominerte nyttevekstane den norske hagen, i dag er dei erstatta med digre plattingar og gassgrill. Nordmenn sine hagar krev stadig meir, men gir mindre tilbake til naturen.
Ein stødig tujahekk som omkransar ein velstelt plen, iherdig halde ved like av ein ivrig robotgrasklippar. I det eine hjørnet av den grøne matta står ein stor, rund trampoline som ungane sprett på, medan lukta av steikt kjøtt siver utover nabolaget frå den nye gassgrillen.
Det som kan verke som den perfekte sommarkvelden for mange, kan vere ein trugsel mot naturen, viser ein ny dokumentarfilm.
– Vi ville syne fram problemstillingane kring naturkrisa på ein ny måte gjennom denne dokumentaren, seier Kyrre Kverndokk, professor i kulturvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB), til Nynorsk pressekontor.
Han snakkar om den ferske dokumentarfilmen «Paradisets bakside» basert på UiB sitt forskingsprosjekt «Gardening the globe». Filmen syner fram korleis kvardagslege aktivitetar som hagearbeid heng saman med større landskapsendringar, naturtap og tap av biologisk mangfald, skriv UiB på nettsidene sine.
Hagen er den nye stova
Den moderne hagen har blitt ein forlenging av stova til folk, meiner Dag Jørund Lønning.
– Folk ser ikkje på hagen som natur. Natur er liksom noko dei går tur i på søndagane, seier han til Nynorsk pressekontor.
Lønning er professor og rektor ved Høgskulen for grøn utvikling på Bryne på Jæren og har skrive fleire bøker om hagebruk. Rektoren peiker på det vestlege forbrukarsamfunnet som ein viktig årsak til at utviklinga har blitt slik.
– Hagen har blitt ein forbruksarena der ein blir oppfordra til å kjøpe nye dingsar og krukker heile tida. Ein mistar rett og slett moglegheit til å byggje eit biomangfald som kan gjere ein innsats mot naturkrisa.
«Kjøpe-arena»
Kverndokk på si side peiker på det faktum at nordmenn i dagens samfunn har dårlegare tid, reiser vekk på ferie, flyttar oftare og går gjennom fleire samlivsbrot samanlikna med før.
Han er likevel samd med Lønning i at hagen har blitt ein «kjøpe-arena».
I dokumentaren blir det synt fram korleis bustadfelt bygd på utsprengde fjellområde gir eit dårleg utgangspunkt for dyrking av hagar. Desse hagane fører til eit auka forbruk av meir gjødsling og vatn fordi dei er kunstig bygd opp med berre eit tynt lag jord over bergveggane som krev meir vatning og gjødsling for å fungere. Men det fører òg til at ein oftare må kjøpe nye plantar, då dei gamle har lettare for å døy.
Problemet med «sterile» hagar er likevel ikkje eit særnorskt fenomen. Både i Europa og Nord-Amerika kan ein sjå liknande tendensar. Plantar inngår til dømes i eit globalt handelsnettverk der ein skal importere og eksportere plantar frå heile verda. I USA er bruken av gjødsel og sprøytemiddel mykje meir utbreidd enn i Noreg.
Ein tragedie
– Ofte når vi snakkar om naturkrisa er det i samanheng med utbygging av hyttefelt og nedbygging av skog som sentrale faktorar i Noreg, påpeiker Kverndokk.
Lønning er overraska over mangelen på handlekraft frå politikarane.
– Om ein vil flytte eit vindauge på huset sitt så mykje som ein millimeter blir det byråkratisk oppstyr, medan ein stort sett kan gjere nesten kva ein vil i hagen sin utan å be nokon om løyve. Det er ein tragedie, seier han.
Rektoren etterlyser ein hagepolitikk som legg opp til naturmangfald og karbonlagring.
– Eg har prøvd å finne ei god oversikt over alt hagearealet i Noreg, men det har eg førebels ikkje funne. Vi har eit stort potensial og politikken burde absolutt kome på banen, understrekar han.
Meir naturvenleg hage
Det er likevel somme tiltak ein kan gjere sjølv for å få ein meir naturvennleg hage. Det blir stadig meir by og asfalt kring oss, og for mange vil hagen vere der ein kan kome i kontakt med naturen. Hageekspertane har nokre råd til dei som vil prøve seg.
– For det første er det å vere meir medviten på tiltak som å la plenen gro lenger og korleis ein kvittar seg med hageavfallet, seier Kverndokk.
Hageavfallet kan til dømes innehalde framande artar som ikkje høyrer heime i den norske naturen.
– Ein steril hage med tujahekk gir ikkje dei same positive effektane på den psykiske helsa, meiner Lønning.
Den ideelle hagen
Han tipsar om å bygge mangfaldig og unngå monokulturar, altså å berre ha plen eller éin type blomar i hagen. Dessutan råder han til å tenkje på fleirårige plantar, og ikkje plantar som må bytast ut kvart år. Det er dei fleirårige plantane som vil lagre mest karbon på sikt.
– Men kva er eigentleg den ideelle hagen?
Kverndokk understrekar at folk må finne meining med hagen sin i dei ulike livsfasane og kapasiteten ein har.
– Ein hage er ulik for alle aldrar, ein småbarnsfamilie vil sjølvsagt ha andre behov og ein anna kapasitet enn ein pensjonist til dømes, påpeiker han.
– Det viktigaste er jo at ein har ein hage ein ønskjer å ha.