nyhende

Bygda på Gjerde blir ramma av alternativ 1, og mange derfrå hadde møtt fram for å vise sin motstand.

Demonstrasjon mot ny E39

Sjølv om vinden var bitande kald laurdag føremiddag hadde dei likevel samla seg, motstandarane av ny E39 slik den er presentert av Vegvesenet.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne saka er henta frå vår samarbeidsavis Tysvær Bygdeblad.

Det var appellar ved Oda Indgaard, stortingsrepresentant frå MDG og Henning Bratthammer Tysvær SV. Naturvernforbundet var også til stades med appell.

Mange av demonstrantane ville ikkje ha ny firefeltsveg gjennom gardstunet sitt, og meinte at trasevalet måtte endrast. Andre meinte at beste løysinga for ein forbetra veg er å utbetre den gamle vegen.

– Me vil ikkje ha så sterkt inngrep i bygdene våre, det øydelegg både livsgrunnlag og livskvalitet, blei det sagt frå scena.

– Løpet er ikkje køyrt, vegen er ikkje godkjent av Stortinget, heller ikkje budsjettert og den har ikkje prioritert i NTP, sa Ingaard. Ho oppfordra dei frammøtte til å fortsette å kjempe for saka.

– Kampen er ikkje tapt, sa ho.

i dag er siste frist for å senda inn uttale til forslag til kommunedelplan for ny E39.

Mange tysværbuar deltok på demonstrasjonen mot den planlagte nye E39.
Henning Bratthammer (SV) heldt apell, og peika på at ein forbetra veg ikkje behøver ha fire felt.
Powered by Labrador CMS