nyhende

Martin Søyland (t.v.), førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, professor Sirianne Dahlum (i midten) og professor Bjørn Høyland (t.h.) deltok i ein samtale om kunstig intelligens og val dagen etter stortingsvalet. Foto: Kjell Åsmund Sunde/ NPK
Martin Søyland (t.v.), førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger, professor Sirianne Dahlum (i midten) og professor Bjørn Høyland (t.h.) deltok i ein samtale om kunstig intelligens og val dagen etter stortingsvalet.

Demokratiet i Noreg står stødig

Kan valresultatet fortelje oss noko om statusen til det norske demokratiet? Fleire forskarar er samde om at folkestyret framleis står sterkt i Noreg, trass i at fleire hentar informasjon frå alternative nyheitskjelder.

Publisert Sist oppdatert

Antidemokratiske strøymingar har dei siste åra fått fotfeste i fleire land i Vesten. I Ungarn blir det peika på at president Viktor Orban byggjer ned demokratiet, og fleire meiner òg at president Donald Trump i USA set demokratiske prinsipp på spel. Etter ein norsk valkamp prega av formuesskatt, sperregrense og utanrikspolitikk – var tida moden for eit knippe samfunnsforskarar å evaluere korleis den demokratiske stoda er i Noreg.

– Vi har inga demokratisk forvitring i Noreg, meiner professor Sirianne Dahlum ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Dagen etter stortingsvalet deltok ho i ein panelsamtale om kunstig intelligens (KI) og val i regi av Universitetet i Oslo.

Etter valet måndag vart det klart at Jonas Gahr Støre og Ap får halde fram i regjering. Det er ingen grunn til å tru at KI påverka valresultatet, ifølgje ekspertar.

Ekkokammer over alt

I sosiale medium gjer algoritmane at vi i større grad enn tidlegare får opp innhald som underbyggjer det vi allereie meiner – slik kan det bli danna såkalla digitale ekkokammer der feilinformasjon får stå uimotsagt.

– Det er mykje snakk om at algoritme-styrte medium skapar større polarisering. Men det er ikkje nødvendigvis så sterke effektar av digitale ekkokammer som vi trur, sa Dahlum.

Ho peika på at det er ein underliggjande psykologisk mekanisme hos folk til å leite etter informasjon som stadfestar eigne synspunkt.

– Ein er òg i ekkokammer når ein snakkar med venner, naboar og kollegaer. Faktisk i større grad enn når ein er aktiv på sosiale medium.

Ho viste til at det berre er ein liten minoritet som berre blir eksponerte for falske nyheiter.

– Det er dei mest ytterleggåande og ekstreme som berre får falske nyheiter og informasjon frå algoritmane. Dei aller fleste får ikkje det. Men det er likevel vanskeleg å svare på om sosiale medium fører til auka polarisering – vi veit rett og slett ikkje, sa professoren.

Stadig fleire av oss hentar informasjonen vår frå medium som ikkje er redaktørstyrte. Det er likevel svært få som lever i ei boble dominert av falske nyheiter.

Ideologisk polarisering

Også professor Bjørn Høyland, frå same institutt som Dahlum, deltok på arrangementet. Til liks med henne var han usikker på kva effektar sosiale medium har på polariseringa, men han var tydeleg på at det har skjedd endringar i det politiske landskapet.

– Det er ei openberr ideologisk polarisering i Noreg. Tidlegare var sentrum viktig i det politiske Noreg. No veks fløyene både til høgre og venstre, noko som nærmast har ført til at sentrum er dødt, sa han.

Førsteamanuensis Martin Søyland ved Universitetet i Stavanger meiner færre tek seg tid til å sjekke informasjonen dei får opp mot fleire kjelder.

– Kanskje kan vi kalle det ein tolmodsrevolusjon – folk tek seg ikkje tid til å dobbeltsjekke ting, sa han.

Manglande engasjement

Både Høyland og Søyland var opptekne av at partiorganisasjonane er viktige for demokratiet vårt.

– Medlemsmassen i dei ulike partia har gått veldig ned. Veldig få er villige til å delta aktivt i til dømes kommunale prosessar dei bryr seg om, sa Søyland.

Høyland på si side peika på at polariseringa kanskje spelar ei rolle også her.

– Gevinsten av å engasjere seg politisk er liten. Vi har sett eksempel på at folk får trugslar om bank på skuledebattar. Kvifor skal nokon ville utsette seg for det når dei i staden kan ha eit behageleg liv utan politisk engasjement? spurde han retorisk.

Avslutningsvis kom professor Høyland med ei oppfordring.

– Vi må vere meir til stades analogt. Vi må ta debattane med dei vi er ueinige med ute i den verkelege verda, og ikkje berre gøyme oss bak ein avatar i eit digitalt forum.

Powered by Labrador CMS