nyhende

I 2024 var det 51.212 lærlingar her i landet. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
I 2024 var det 51.212 lærlingar her i landet.

Delte meiningar om kompetansen til lærlingar

Har kompetansen blant norske lærlingar blitt dårlegare? Det meiner i alle fall ein bedriftseigar i Rogaland. Lærlingomboda i fylkeskommunane har ulikt syn på dette.

Publisert Sist oppdatert

Tal på lærlingar i Noreg frå 2006 til 2023

  • 2006: 34.439
  • 2007: 37.222
  • 2008: 38.168
  • 2009: 36.011
  • 2010: 34.248
  • 2011: 35.358
  • 2012: 37.246
  • 2013: 37.937
  • 2014: 38.955
  • 2015: 39.872
  • 2016: 40.699
  • 2017: 42.594
  • 2018: 44.354
  • 2019: 46.597
  • 2020: 46.846
  • 2021: 49.143
  • 2022: 50.600
  • 2023: 50.490
  • 2024: 51.212

Kjelde SSB

Tal frå SSB viser at det er fleire lærlingar i Noreg i dag enn for 20 år sidan. Ein av grunnane kan vere at politikarane over tid har hatt ein tydeleg strategi for å få fleire bedrifter til å ta inn lærlingar. Ungdom har òg blitt oppfordra til å velje yrkesfag, fordi behovet i næringslivet har vore stort.

– Difor har også snittet for å komme inn på yrkesfag gått opp, men gode karakterar betyr ikkje nødvendigvis at dei er betre fagarbeidarar, seier Torleif Askedal, som er elev- og lærlingombod i Rogaland, til avisa Stavanger Aftenblad.

Var unge betre før?

Tidlegare i haust gjekk bedriftseigar Bjørn Risa ut i avisa og hevda at lærlingane dei får inn kan mindre enn før. Risa har difor sett seg nøydd til å tilsette tre personar som skal følgje opp lærlingane dei tek inn. Lærlingombod Askedal i Rogaland meiner dette blir Risas personlege oppleving og at det ikkje gjeld alle lærlingar.

Men kva meiner lærlingomboda i andre fylke?

Dei siste åra har talet på lærlingar gått opp, men ein bedriftseigar i Rogaland meiner nivået på lærlingane har gått motsett veg – altså nedover.

– Vi får tilbakemeldingar på at lærlingar kan mindre enn før, og nokre elevar opplever òg at det er for høge forventningar til dei når dei startar som lærlingar. Men, det er svært nyansert og vi får også tilbakemeldingar på at mange bedrifter er godt nøgde med lærlingane sine og dei aller fleste lærlingane trivst, fortel ombod for barn og unge i Akershus, Buskerud og Østfold, Cecilie E. Evju, til Nynorsk pressekontor.

I Vestland stiller dei spørsmål ved grunnlaget Risa har for ytringane sine:

– Vi har registrert uttalen frå den aktuelle næringslivsleiaren, og er usikre på korleis ein har målt at elevar og lærlingar kan mindre enn før. Når ein kjem med slike generelle ytringar, så skulle vi ønskt oss eit meir presist erfaringsgrunnlag, seier elev- og lærlingombod Ann Kristin Solhaug Hauge i Vestland fylkeskommune.

Vanskeleg å fastslå noko

Elev- og lærlingombod Magnus Bekkevold i Telemark fylkeskommune peikar på at det er komplisert å fastslå verken det eine eller det andre.

I 2024 var det 51.212 lærlingar her i landet.

– At elevar og lærlingar har eit dårlegare utgangspunkt på skulen no, enn tidlegare er vanskeleg å seie. Eg meiner likevel ein skal lytte til det Bjørn Risa seier. Fleire lærlingar kan ha eit større oppfølgingsbehov no enn tidlegare. Og ein høyrer jo om bedriftseigarar og rettleiarar som meiner at ungdommen var betre før, seier han til Nynorsk pressekontor.

Frå praksis til teori

I fleire år har det òg blitt snakka om at norsk skule har blitt for teoretisk – og at dei praktiske faga tapar terreng. Både politikarar, fagorganisasjonar og andre har teke til orde for at dei praktiske faga må få større plass i undervisninga. I april vedtok regjeringa å løyve midlar til utstyr som dei meiner vil gjere skulen meir praktisk.

– Vi veit at skulen har blitt veldig teoretisk – også i dei praktiske faga, og vi glade for at det politisk er løyvd midlar til ei meir praktisk og relevant opplæring gjennom utstyrspotten til regjeringa. Dette trur vi er eit viktig grep for å styrke den praktiske delen av undervisninga, og kan gjere det mogleg for skulane å tilby opplæring som er i tråd med det elevane møter i arbeidslivet. Vi trur ein meir praktisk skule vil vere bra for veldig mange, seier Solhaug Hauge i Vestland.

Bygg og anlegg er ein av sektorane der lærlingar spelar ei viktig rolle.

Cecilie E. Evju meiner at det ikkje nødvendigvis er undervisninga det er noko feil med.

– At nokre opplever at lærlingar kan mindre enn før betyr ikkje at skulane gjer ein dårleg jobb. Samfunnet utviklar seg heile tida og den oppveksande generasjonen er, som oss alle, eit resultat av den tida dei veks opp i, seier ho.

Kanskje mindre interesse

Magnus Bekkevold i Telemark meiner interessene blant ungdommen òg kan vere ein påverknad.

– Kanskje interessa for fag er mindre, og alle distraksjonar ungdom opplever no gjer at interessa blant ungdom generelt har falle noko. Der ein før kanskje møttest for å skru på ein bil eller pusse opp ein kjellar, vel mange no å sitte med telefonen eller game «saman» sjølv om dei sit i kvart sitt hus. Det kan også vere slik at dei elevane som før søkte seg til yrkesfag, i utgangspunktet hadde interesse og/eller talent for faget, men at dette kan ha forandra seg noko dei siste åra, seier han.

Powered by Labrador CMS