nyhende
Deler ut 145 000 kroner til lokale krefter
Eit kor, eit hestesportlag og ein frivilligsentral har fått gåvesjekk frå Haugesund Sparebank.
Det er snart jul, og den lokale sparebanken deler av overskotet sitt. I desse dagar dryss det på to lag nord i kommunen, nemleg Valestrand Hestesportlag som får 30 000 kroner, medan Valestrand mannskor får 15 000 kroner.
Silje Beate Valen mottok sjekken for hestesportlaget.
– Det blir nok investert i meir utstyr til laget, slik at me kan laga meir aktivitet, spesielt til glede for dei unge medlemmene i laget. Då me kun har bane utan lys, er det lite aktivitet i dei kalde og mørkaste månadane av året, seier Valen.
Sveio frivilligsentral har fått ein sjekk på heile 100 000 kroner.
– Det skal gå til å gjennomføra gratis skitur til fjells i vinterferien, slik me hadde i år. Neste år går det ikkje berre buss frå Sveio, men frå både Sveio, Tysvær, Haugesund, Karmøy og Odda. Dette arrangementet er ei samarbeidsprosjekt mellom alle tiltaka som jobbar med barn og ungdom i Bymisjonen på Haugalandet. Me er så lukkelege og glade for at Haugesund Sparebank vil støtta oss, oppsummerer Kristianne Uri, dagleg leiar i Sveio frivilligsentral.
Mykje viktig arbeid
Forutan å sponsa lag og organisasjonar, har Haugesund Sparebank også eit gåvefond der ein kan søka pengar til bestemte føremål.
– Det er ein del av samfunnsbidraget vårt. Me har alltid gitt mykje bidrag til utvikling og vekst i lokalsamfunnet på Haugalandet. Det er driftsoverskotet som gjer at me kan dela ut til allmennyttige føremål, forklarar Kathrine Kittang i Haugesund Sparebank.
Ho fortel at det er mange lag og foreiningar på Haugalandet med stort engasjement og dugnadsarbeid, som gjer mykje viktig arbeid, både for laget sitt og andre.
– Etter kvart som kvardagen blir meir og meir hektisk fell mykje av arbeidet fell på få hender. Med gåvefondet fokuserer me på eldsjelene. Hensikta er å stimulera til vidare innsats på Haugalandet, forklarar Kittang, som er markedssjef i sparebanken.
Det blir delt ut rundt tre millionar kroner frå gavefondet årleg. Neste søknadsfrist er 31. mai 2021.