nyhende

Skiftesamling i buet etter Valevåg Landhandel AS:

Onsdag var det skiftesamling i buet etter Valevåg Landhandel AS.
Onsdag var det skiftesamling i buet etter Valevåg Landhandel AS.

Dekkar lønsgarantien fullt ut

På skiftesamlinga etter Valevåg Landhandel AS onsdag, kom det fram at det så langt er krav i buet på 585.965 kroner. Etter sal av varelager og butikkutstyr har buet rundt 300.000 kroner på konto.

Publisert Sist oppdatert

– Dermed er buet i stand til å dekka lønsgarantien på rundt 200.000 kroner fullt ut, fortel bustyraren, advokat Karl Anders Horneland.

Valevåg Landhandel AS hadde fem tilsette i tillegg til dagleg leiar som har løn og feriepengar til gode.

Ikkje full oversikt

Horneland ventar eit tilleggskrav i samband med kassakreditt frå Svea Finans. Dette kan auka krava i buet med rundt 200.000 kroner. På motsett side kan buet ha inntil 100.000 kroner i bonus til gode hos Asko. Dette pågår det no forhandlingar om.

Heile varelageret og det meste av butikkutstyret er selt og ein leasa bil er levert inn. Under konkurssalet der varene gjekk for halv pris, blei det selt for 125.000 kroner. Resten av varene blei selde til ein Joker-butikk i Bergen for 75.000 kroner.

Ryddig og greit

Horneland karakteriserer forretningsdrifta til Valevåg Landhandel som ryddig og grei. Det er ikkje påvist straffbare tilhøve og ikkje snakk om karantene for nokon av dei involverte.

Etter skiftesamlinga i Haugaland og Sunnhordland tingrett sine lokale på Stord onsdag, er det avtalt eit nytt møte med skifteretten om tre månader. Horneland reknar ikkje med å vera heilt ferdig med bubehandlinga til då, men har tru på at kan kan vera i mål i løpet av hausten.

Powered by Labrador CMS