nyhende

Skuletilsette, f.v. Arve Myklebust, Kristine Rossehaug, Camilla Fagerland Tverfjell, Elisabeth Nygaard og Lene Lier.
Skuletilsette, f.v. Arve Myklebust, Kristine Rossehaug, Camilla Fagerland Tverfjell, Elisabeth Nygaard og Lene Lier.

Deira første møte med skulen

Første skuledag markerer eit stort skilje for dei fleste. Det er ein dag det knyter seg stor spenning til, og ein dag mange hugsar godt. Her kan du lesa om nokre av skuleleiarane sitt møte med skulen.

Publisert Sist oppdatert
Arve Myklebust, fotografert i klasserommet på Odda skule.

Arve Myklebust,
einingsleiar Valestrand oppvekstsenter

– Fortel om din første skuledag.

– Eg hadde min første skuledag i 1975 ved Odda barneskule og læraren, eller «frøken» som me kalla ho, heitte Ingunn Eiterheim. Skulen var stor og gamal, bygd i 1912. Det var mange ungar i Odda på den tida og i årskullet vårt, 1. klasse var delt inn i A, B, C og D. Eg starta i B-klassen.

– Korleis var du som elev?

– Som elev var eg nok ein heilt ordinær, sånn passe interessert i det som skjedde i klasserommet og meir fokusert på friminutta. Då myldra me ut i ein stor bakgard og tok til med slike leiker som me hadde for handa den gongen. Det gjekk mykje i ballspel og hoppetau. Me såg sjeldan vaktar/vaksne som passa på oss, og ein og anna «slåsskamp» føregjekk der ein stort sett måtte ordna opp sjølv. Det var jo trass alt i Odda :).

– Har du eit godt eller morosamt minne frå barneskulen du kan fortelja om?

– Dei beste minna har eg nok frå leiken som føregjekk i friminutta samt sløydtimane i kjellaren på den store skulen. Der fekk me stort sett gjera som me ville og bygde det me tykte var kjekt. Stod me fast, kunne me berre spørja sløydlæraren som sat i ein krok i sløydfrakken sin og tenkte djupe tankar.

– Kva har endra seg frå du gjekk på skule til no, på godt og vondt? 

– Det har sjølvsagt vore store endringar i skulen sidan 1975. Me har vorte digitaliserte, fått nye læreplanar og føringar for skulen. Alt dette sjølvsagt til det betre. Men nokon ting var nok vel så bra den gongen og. Me var nok meir praktisk retta med det eine og det andre. Eg kan heller ikkje hugsa at me hadde andre lærarar eller vaksne inne i klasserommet anna enn «frøken», og sjølv om me var rundt 28 elevar (hugsar ikkje heilt talet), var det lite lyd. Om me ikkje var redde «frøken», hadde me stor respekt for ho. Fann ikkje på så mykje ablegøyer av den grunn:)

– Kva tankar har du om skuleåret?

– Når me no startar nytt skuleår, har eg tru på at dette vert eit godt år. Eg trur dei nye læreplanane og intensjonane for skulane i Sveio er gode, og at alle kan læra mykje av og med desse.


Lene Lier,
fungerande rektor Sveio skule

– Fortel om din første skuledag.

– Eg starta i 1. klasse i 1979, då var eg nesten 7 år. Eg budde i Svelgen i Bremanger kommune og gjekk på Svelgen skule. Læraren min heitte Kjersti, men vi kalla ho frøken. Ho var veldig snill. Det var veldig spennande å begynne i 1. klasse. Eg gleda meg til å lære meg å lese og få nye venner og eg var veldig kry over ranselen min. Den var gul og grønn og firkanta. Eg likte meg godt på skulen.

– Korleis var du som elev?

– Som elev var eg veldig pliktoppfyllande og roleg. Vi hadde veldig respekt for læraren og rakk alltid opp handa når vi ville noko. Eg likte å lære.

– Har du eit godt eller morosamt minne frå barneskulen du kan fortelja om?

– Eg hugsar godt den dagen vi skulle skrive oss inn på skulen. Då møtte vi i lag med foreldra i bomberommet på skulen og fekk kladdebok og fargeblyant som var rød og blå. Vi fekk og treffe læraren. Det var veldig stas.

– Kva har endra seg frå du gjekk på skule til no, på godt og vondt? 

– Samfunnet har endra seg mykje og ungane i dag får nok fleire impulsar enn det eg fekk. Det er meir vanleg å gå i barnehage og ungane er vant til å forholde seg til andre vaksne enn familie og naboar. Dei er meir påverka av sosiale medier, og har fleire rollemodellar.

Kva rollemodellar ungane har er viktig for korleis dei blir og korleis dei har det. Ungane i dag begynner på skulen året dei fyller seks år og ikkje sju- og det blir forventa mykje av dei. Dei startar å førebu seg på skulen allereie når dei er fem år og går i barnehagen.

Eg visste ikkje kva skulen var før innskrivingsdagen som var på våren før oppstart. Eg begynte å grine då eg fekk vite at eg måtte begynne på skulen og synest det var veldig skummelt. Det er nok like skummelt for mange i dag og, og det er mange forventningar til det å begynne på skulen.

– Kva tankar har du om skuleåret?

– Det skal bli spennande å ta imot dei nye 1. klassingane og 8. klassingane, og kjekt å sjå elevane igjen. Eg håper at pandemien dempar seg slik at vi kan vere meir i lag på tvers av klassar og trinn.


Kristine Rossehaug,
konstituert rektor Vikse skule

– Fortel om din første skuledag.

– Eg starta på skulen i 1985, 7 år gammal, i klasse 1B. Eg gjekk på Sveio gamle skule dei fire første åra og var då siste kullet som gjekk der før me flytta opp til «nye skulen». Læraren min frå 1. kl og ut heile grunnskulen var Sivert Johan Berg.

– Korleis var du som elev?

– Eg var ein stille, roleg og sjenert elev som rødma kvar gong læraren sa namnet mitt sjølv om eg stort sett alltid visste svara.

– Har du eit godt eller morosamt minne frå barneskulen du kan fortelja om?

– Eg hugsar veldig godt då eg skulle hjelpe læraren med rullegardinene i klasserommet på gamleskulen, og dei ramla ned til god latter frå klassen! Eg hugsar også godt taxien me fekk til skulen dei første par åra; ein god, gammal Lada som me pressa oss inni opptil 6 elevar frå busstoppet hos oss!

– Kva har endra seg frå du gjekk på skule til no, på godt og vondt? 

– Då me gjekk på skulen var me nok meir sjølvstendige og måtte til dømes skrive opp alle leksene sjølve i eiga leksebok og hugse tinga våre. Det var ikkje så stor vaksentettleik, og skal eg nemna digitalisering? Me starta ikkje med PC (EDB) før på vidaregåande. Overhead var mykje brukt på ungdomsskulen og det var stor stas når TV-en blei rulla inn frå mediateket. Postbanken kom på besøk jamnleg så me kunne setje inn penger på «Gullbok». Me lærte løkkeskrift og me hadde O-fag og kristendom, fag som ikkje eksisterer slik lenger. Mykje bra frå den tid, men eg tenkjer likevel at elevane som går på dagens skule er utruleg heldige.

– Kva tankar har du om skuleåret?

– Eg håpar skuleåret 21/22 blir eit godt og effektivt år og at me blir endå flinkare til å støtte alle elevane våre, styrke dei, bygge gode relasjonar og utvikle skulen vidare i tråd med fagfornyinga. Det er mykje nytt som skal på plass, så eg håpar pandemien roar seg slik at me kan fokusere på læring og inkludering på ulike arenaer.

Eg håpar også på eit fortsatt godt samarbeid mellom heim og skule og gler meg til å starte skuleåret og treffe alle elevane.


Ronny Valdernes,
påtroppande rektor Vikse skule

– Fortel om din første skuledag.

– Eg starta skulegongen min på Austebygd skule på Radøy i 1977. Det var ein liten skule med om lag 60 elevar, så me var ein del slått saman med elevar i 2. klasse. Kirsten var læraren min det første året, og henne har eg berre gode minner om. Eg klarer ikkje å hugse den første skuledagen, men eg hugsar den dagen me skulle visast fram i gymsalen før me skulle starte på skulen. Me vart stilt opp på scenen, og utfordra til å syngje ein song. Det var stort sett ein beskjeden gjeng som stod der, bortsett frå han eine, som var meg. Eg skrålte av full hals.

– Korleis var du som elev?

– Som elev var eg nok den nysgjerrige typen, som kanskje var litt rask og unøyaktig av og til.

– Har du eit godt eller morosamt minne frå barneskulen du kan fortelja om?

– Eg hugsar spesielt godt når me hadde trafikkveke, og vart blanda elevar frå mange klassar. Det var kjekt, særleg når eg fekk sitje saman med ein av dei store, eg trur han heitte Per.

– Kva har endra seg frå du gjekk på skule til no, på godt og vondt?

– Frå den gongen til no har nok skulen endra seg mykje når det gjeld reglar for kva som skal gjerast dersom det er nokon som treng noko særskilt hjelp, anten fagleg eller når det gjeld det sosiale på skulen. Det digitale er sjølvsagt også kommen inn; på skulen eg gjekk på hadde me ikkje ein gong kopimaskin.

– Kva tankar har du om skuleåret?

– Om skuleåret tenkjer eg at eg gleder meg til å bli kjend med elevar, tilsette og foreldre på Vikse skule, og kollegaer og andre i Sveio kommune. Eg veit at det er jobba godt med å ta dei nye læreplanane i bruk. Det blir spanande å sjå om skulekvardagen kan vere nokolunde normal gjennom året.


Camilla Fagerland Tverfjell,
rektor Auklandshamn skule

– Fortel om din første skuledag.

– Eg starta i 1. klasse ved Norheim skole hausten 94 med Grethe som lærar. Eg hadde då allereie gått eit år i 0. klasse skuleåret 93/94 som etter reformen blei 1. klasse. Byrja i 2. klasse på Førde skule året etter.

– Korleis var du som elev?

– Som elev var eg stille og roleg.

– Har du eit godt eller morosamt minne frå barneskulen du kan fortelja om?

– Eit godt minne frå barneskulen er den gode mottakinga eg fekk då eg byrja på Førde skule hausten 2. klasse. Det var spanande å flytta, men god mottaking av lærar Gro, klassen og dei andre ungane i Hjartåsen gjorde det veldig lett.

– Kva har endra seg frå du gjekk på skule til no, på godt og vondt? 

– Frå eg gjekk på skulen til no har fokuset på eit godt elevmiljø blitt betre. Det er også blitt meir fokus på elevane si medverking på sin eigen skulekvardag og samarbeid heim/skule.

IKT har også blitt ein stor del av skulekvardagen i løpet av desse åra.

– Kva tankar har du om skuleåret?

– Eg gler meg til eit nytt skuleår, og ser fram til å bli kjent med nye elevar. Eg gler meg til samarbeidet med dei føresette og dei tilsette på Auklandshamn skule, og forhåpentlegvis får me vera meir i saman på tvers av klassane og ha aktivitetar som har vore vanskeleg å gjennomføre dei siste åra med strenge smitteverntiltak.


Elisabeth Nygaard,
kommunalsjef skule, barnehage og kultur

– Fortel om din første skuledag.

– Eg starta på Breidablik skole i Haugesund hausten 1970 som seksåring. Eg gledde meg mykje då både min bror og mi beste venninne hadde starta skuleåret før. Eg hadde fått ny raud blank skuleveske og var kledd i «ny» fin kjole som eg hadde arva frå syskenbarnet mitt.

Saman med 27 andre elevar som stod saman med si mor i skulegarden møtte eg frøken Borgny Austad som tidlegare hadde vore misjonær i Afrika. Eg syntes ho virka veldig bestemt og eg hadde nok respekt frå fyrste dag. Eg var ofte spent i nye situasjonar og likte dårleg å vere i fokus slik at eg gøymde meg nok mest bak mor mi fyrste dagen.

– Korleis var du som elev?

– Sidan eg likte dårleg å vere i fokus var eg ikkje den som rekte opp handa og eller spurte om å få lesa høgt i timane. Eg sørga for å vere presis til skulen og var pliktoppfyllande. I friminuttet trur eg nok eg tok igjen litt med å vere meir aktiv med å hoppe strikk, inntil vegg leikar og ballspel – trur eg blei litt meir synleg i gjengen der og kanskje til og med litt «styrande».

– Har du eit godt eller morosamt minne frå barneskulen du kan fortelja om?

– Vår klasse hadde ein veldig kjekk lærar i geografi. Han var eit slikt ja-menneske og elska å fortelle om krigen, eller vere ute i det fine veret. Klassen fann fort ut at vi kunne spør om vi kunne få «slå ball» i finveret som han ofte sa ja til, men om ikkje det gjekk spurte vi berre om krigen… Så «gjekk» den timen og. Dette resulterte i at vi ikkje kunne særleg mykje geografi på ungdomsskulen, til vår nye klasseforstandar si fortviling.

– Kva har endra seg frå du gjekk på skule til no, på godt og vondt? 

– Vi var nok meir regulert i klassesamanheng noko som kunne bidra til at vi ikkje fekk ut alt potensiale vi hadde. Dette saman med mellom anna læringssynet, synet på eleven og rett til medverknad har heldigvis endra seg. Mellom anna dette krev mykje meir av dei tilsette i skulen no enn før.

– Kva tankar har du om skuleåret?

– Eg håper at dette skal bli eit kjekt og lærerikt år for alle, både elevar, tilsette og føresette. Eg håper at vi får til ein god start på skuleåret med grønt koronanivå og at vi klarar å ta imot og gjere overgangane gode for elevane.

No held vi på med rekruttering av rektor ved Sveio skule, den fjerde av til saman fem rektorar i kommunen. Det har og vore eit uroleg år med tanke på både korona og sak om skulebruksplan. Nå gler eg meg til å nytte ressursane til arbeid mot felles mål om ein kvalitativ god og inkluderande skule for alle, og til å gjere dette saman med alle dei flotte tilsette som verkeleg har stått på i tida som har vore.

Lene Lier som førsteklassing skuleåret 1979/1980.
Kristine Rossehaug som førsteklassing i 1985.
Ronny Valdersnes blir rektor på Vikse skule. Her som storfiskar i feriemodus.
Camilla Fagerland Tverfjell som ung skulejente.
Elisabeth Nygaard byrja på Breidablik skule i 1970.
Powered by Labrador CMS