nyhende

2,2 millionar ukrainarar har no flykta frå krigen. Her er Varvara Hügel (12) frå Kharkiv i Ukraina med katten Bantik på flyktningmottaket i Dorohusk i Polen. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
2,2 millionar ukrainarar har no flykta frå krigen. Her er Varvara Hügel (12) frå Kharkiv i Ukraina med katten Bantik på flyktningmottaket i Dorohusk i Polen.

Dei sivile lidingane i Ukraina aukar time for time

Russland ønskjer ikkje å styrte regjeringa i Ukraina, hevdar Kreml. Onsdag innførte dei våpenkvile i fleire byar, men det er uklart om ho vart respektert.

Publisert Sist oppdatert
Det russiske forsvarsdepartementet kunngjorde i morgontimane onsdag våpenkvile frå 8 til 20 for å gi sivile høve til å evakuere frå fleire omleira byar.

Våpenkvila vart stadfesta av Ukrainas visestatsminister Iryna Veresjtsjuk som opplyste at Russland mellom anna lova trygge korridorar frå Sumy til Poltava, frå Mariupol og Enerhodar til Zaporizjzja, frå Izjum til Lozova og frå Volnovakha til Pokrovsk.

Russland har òg lova å la våpena kvile slik at sivile frå Kiev-forstadene Vorzel, Borodyjanka, Bucha, Irpin og Hostomel skal kunne ta seg inn til hovudstaden.

På flukt

Fleire tidlegare forsøk på å evakuere sivile, mellom anna frå den omleira hamnebyen Mariupol, har slått feil som følgje av brot på våpenkvila, og det var onsdag uklart om det same skjedde på nytt.

Evakueringa frå Sumy gjekk tysdag etter planen og nærare 7.000 sivile kunne forlate byen i bussar og privatbilar, blant dei mange utanlandske studentar.

Over 2,2 millionar ukrainarar har ifølgje FN no flykta frå landet, og Polen opplyste onsdag at 1,33 millionar flyktningar har funne vegen dit.

Angreip bustader

Medan masseflukta fortset, blir det stadig meld om nye angrep mot sivile mål. Tysdag vart minst ti menneske drepne i eit russisk angrep mot byen Sieverodonetsk i Aust-Ukraina, opplyser ein lokal tenestemann i Luhansk-regionen.

Det russiske angrepet skal ha vore retta mot bustader og andre bygningar i byen, som ligg litt over 100 kilometer nordvest for Luhansk og har litt over 100.000 innbyggjarar.

Det er ikkje kjent om offera var sivile eller soldatar, og meldinga er ikkje stadfesta frå andre hald.

– Vil ikkje styrte den ukrainske regjeringa

– Målet er ikkje å okkupere Ukraina, å øydeleggje statsdanninga eller å styrte regjeringa, hevda talskvinna til det russiske utanriksdepartementet Maria Zakharova onsdag.

Ho seier at det er gjort framgang i forhandlingane mellom Russland og Ukraina og at neste forhandlingsrunde vil konsentrere seg om på skiping av humanitære korridorar for å gi sivilbefolkninga høve til å flykte.

– Det er gjort ein viss framgang, sa Zakharova, som la til at Russlands militære operasjonar i Ukraina «går som planlagt».

Slit

Britisk etterretning melde i si siste oppdatering onsdag morgon om harde kampar nordvest for Kyiv, men slår samtidig fast at russiske styrkar slit med å bryte gjennom dei ukrainske forsvarslinjene.

To veker etter invasjonen held ukrainske styrkar framleis stand i hovudstaden Kyiv, og den ukrainske hærleiinga hevda onsdag morgon å ha «slått tilbake offensiven frå fienden».

Ukrainsk luftvern har tilsynelatande hatt stor suksess mot russiske fly, som ikkje har greidd å ta kontroll over luftrommet, konstaterer britisk etterretning.

Biologiske våpen

Det russiske utanriksdepartementet hevda tidlegare i veka å ha funne bevis for at Ukraina var i ferd med å «fjerne spor etter eit militært biologisk program i Ukraina», finansiert av Pentagon.

Talskvinna til departementet, Maria Zakharova, gjentok dette under ein pressekonferanse i Kreml onsdag der ho bad USA leggje korta på bordet og fortelje kva dei har halde på med i Ukraina.

USA bekymra

USA stadfestar at Ukraina har laboratorium der det blir drive biologisk forsking og innrømmer òg at dei fryktar at russiske styrkar skal få tilgang til desse og ta beslag i materiale der.

– Ukraina har biologiske forskingsanlegg, og vi er faktisk ganske bekymra for at russiske styrkar prøver å ta kontroll over dei, sa statssekretær Victoria Nuland i Senatet tysdag, på spørsmål om Ukraina har biologiske våpen.

Dei einaste som kan tenkjast å nytte slike våpen, er Russland, sa ho.

– Det er ein klassisk russisk teknikk å skulde på andre når dei planlegg noko sjølv, sa ho.

Planla offensiv?

Russlands forsvarsdepartement offentleggjorde onsdag dokument som etter seiande viser at Ukraina planla eit større angrep mot dei russisk-støtta separatistane i Donbas-regionen.

Det er ikkje fastslått om dokumenta er ekte, men den påståtte planen kan i så fall ha vore eit påskot for at Russland førre månad anerkjende dei to utbrytarrepublikkane Donetsk og Luhansk som sjølvstendige og få dagar seinare invaderte Ukraina.

Amerikansk hjelpepakke

Den amerikanske Kongressen vart seint tysdag samd om ein hjelpepakke på godt og vel 120 milliardar kroner for å komme Ukraina og europeiske allierte til unnsetning.

President Joe Biden bad førre veke Kongressen om å øyremerkje 90 milliardar kroner til militær, humanitær og økonomisk hjelp til Ukraina og nabolanda, men Demokratane og Republikanarane vart samde om å plusse på 30 milliardar kroner til.

Rundt 60 milliardar kroner skal finansiere utplassering av amerikanske styrkar og våpensystem i Ukrainas nærområde, og dessutan våpenstøtte til det ukrainske forsvaret og USAs allierte i regionen. 36 milliardar kroner blir øyremerkte hjelp til ukrainske krigsflyktningar, og det skal òg givast generell økonomisk hjelp til ukrainske styresmakter.

Eksportforbod

Ukrainas økonomi slit tungt som følgje av den russiske invasjonen, og regjeringa forbaud onsdag eksport av fleire typar korn og dessutan kjøtt og andre produkt ut året.

Eksportforbodet gjeld rug, bygg, bokkveite, hirse, sukker, salt og kjøt, men ikkje dei største eksportvarene som er kveite, mais og solsikkeolje. Desse produkta krevst det no lisens frå styresmaktene for å eksportere, og det same gjeld fjørfe og egg.

Eksportstansen vil truleg føre til prisauke på ei rekkje kornprodukt i Europa, og det kan òg få alvorlege konsekvensar for dei aller fattigaste i verda.

Ukraina står saman med Russland for rundt halvparten av kornforsyningane til FNs matvareprogram (WFP).

Skjerpar sanksjonar

EU trappa onsdag opp sanksjonane mot Russland, mellom anna mot maritim sektor, og fleire oligarkar og tenestemenn vart òg sette på sanksjonslista.

EU varsla òg at tre kviterussiske bankar vil bli utestengde frå det globale betalingssystemet Swift som følgje av støtta landet har til den russiske invasjonen av Ukraina.

Kina åtvarar

Kina åtvarar mot konsekvensane av sanksjonar og skuldar Nato for å ha auka spenninga mellom Ukraina og Russland «til brestepunktet».

– Å svinge sanksjonspisken ved kvar einaste korsveg vil aldri bringe fred og tryggleik. Det vil i staden skape alvorlege vanskar for økonomien og levekåra i landa som blir ramma, sa ein talsmann for kinesisk UD, Zhao Lijian.

(©NPK)

Utanriksminister Anniken Huitfeldt besøkjer Dorohusk i Polen og grensa til Ukraina. Natasza Bogacz er opphavleg frå Polen og jobbar for Caritas i Oslo, ho har reist til Polen for å hjelpe til på flyktningmottaket i Dorohusk.
Ukrainske flyktningar som kjem til Dorohusk i Polen.
Powered by Labrador CMS