nyhende

Manglar trugar beredskapen:

– Dei minuttane er lange

Førde brannstasjon sitt hovudkøyretøy treng hjelp for å løysa ut bremsane etter oppstart. For eiga maskin vil det ta fleire minutt, noko som kan vera skilnad på liv og død under utrykking. – Sit nokon fastklemde i eit bilvrak er minuttane viktige, seier stasjonsmeister Egil Haugsgjerd.

Publisert Sist oppdatert

– Me fekk beskjed av Haugaland Brann og Redning (HBRE) at dei var klare til å bestilla ny brannbil, sa Sondre Natås Strand (KrF) frå talarstolen i kommunestyret måndag 17. juni.

Men, innan det vart gjort bestemte Sveio seg for å melda seg ut av HBRE og samarbeidet.

Sterk kritikk

– Bokn fekk samstundes levert sin nye bil. Grunna at den var i noko betre stand kunne me overta den. Med «noko betre stand» meinast det at den har bakdører, sa Strand.

Stoda for Førde brannstasjon var siste sak på siste kommunestyremøte 17. juni. Strand gjekk opp på talarstolen som lokalpolitikar, men også med erfaring som brannmannskap ved stasjonen i Førde. Han trekte fram fleire feil med noverande køyretøy:

  • Bremsar
  • Lekkasjar
  • Defekt ljosmast
  • Magebelte

Køyretøyet må svinga mellom bilar i over 100 kilometer i timen under utrykking, og med magebelte kan det vera farleg med bråbremsing.

– Det er lenge sidan dei hadde magebelte i baksetet, og dei gjekk bort av ein grunn, seier stasjonsmeister Egil Haugsgjerd ved Førde brannstasjon.

Han byrja i 1997 og har vore stasjonsmeister i nesten 20 år. Køyretøyet er 23 år gamalt, og brannslangen er defekt.

– Me får den ut, det er berre etterpå når me skal rulla den inn at maskina ikkje verkar. Då må me gjera det for hand, seier Haugsgjerd.

Kan verta ståande

Han er ærleg om at bilen ikkje er i god stand. Lastebilar nyttar trykkluft til bremsar, og viss det ikkje er trykk slepp ikkje bremsane taket.

– Det er ofte bremsefeil på den, seier han.

– Så de kan verta ståande bom fast?

– Ja, me kan verta ståande. Difor må me ha den tilkopla luft når me er parkert, svarar han.

Stasjonsmeisteren skulle ynskt at ny bil var på veg allereie.

– Den skulle jo eigentleg ha vore skifta ut. Den er for gamal til å vera ein brannbil, seier Haugsgjerd.

– Kjennest som ei æve

– Er du bekymra for beredskapen?

– Me har vore veldig flinke til å koma oss ut. Men, me er litt hefta med tanke på at me må venta til at lufta har nok trykk til bremsane. Dei minuttane er lange, seier Haugsgjerd.

– Kor lang tid tek det før bilen har nok trykk til å løysa ut bremsane?

– Rundt to til tre minutt. Det kjennest som ei æve. Men eg har aldri teke tida, svarar han.

– Kor viktige er to, tre minutt?

– Sit det nokon fastklemde i eit bilvrak er minuttane viktige. Ved brann også. For kvart minutt doblar brannen seg, seier han.

Treng betre beredskap

Ein som har vore like lenge i brannvesenet som Haugsgjerd er beredskapskoordinator for Sveio kommune, Bjarne Hetlesæter. Han er utrykkingsleiar i både Sveio og Førde, og mannskap ved stasjonen.

– Eg har følgd utviklinga i ei årrekkje og hugsar kva me hadde av hendingar på slutten av 90-talet. Når eg ser kva hendingar og aktivitetsnivå me har i dag, er det heva over ein kvar tvil at me må halda ved like og leggja til rette for enda betre beredskap, seier han.

Hetlesæter uttalar seg på generelt grunnlag om beredskap innanfor brannvesenet i Sveio og peiker på fleire faktorar han meiner er viktige for temaet.

– Meir busetnad, auke i trafikk og undersjøiske tunnelar. Det har skjedd veldig mykje dei siste åra som tilseier at det ikkje er noko grunnlag for å redusera beredskapen me har i kommunen, seier han.

Håpar merksemda hjelper

Strand og to andre mannskap ved brannvesenet i kommunen såg med eigne auge at dei tapte røystinga for ny brannbil med berre ein røyst (12-13). No håpar han merksemda gjev eit godt besøk til verkstaden.

– Og at når saka kjem opp att neste år vil det vera samrøystes for ny brannbil til Førde, seier Strand.

Powered by Labrador CMS