nyhende
– Dei frå Stavanger lo av oss frå Strand
Om nokon hevdar at Ap-politikar Hadia Tajik bannar mykje, ofte og seier andre lyg, kan ho berre skulde på oppveksten i Rogaland.
– Då eg var yngre var det alltid nokon som syntest det var eksotisk at folk med innvandrarbakgrunn hadde utprega dialekt. I dag er nordmenn meir vane med at folk har ulike bakgrunnar og dialektar.
Hadia Tajik smiler og freistar å rydde opp i håret som sommarvinden herjar i. Ho har levd godt som fleirspråkleg heile livet og synest difor det blir ganske tilgjort når motstandarar av dialekt på NRK skyv omsynet til innvandrarar framom seg.
– Mange med innvandrarbakgrunn snakkar gjerne fleire språk. Dei fleste frå til dømes Pakistan snakkar både fellesspråket urdu og språket til folkegruppa dei kjem frå. I min familie er det persisk. At det då skal vere forvirrande å skilje mellom bokmål og nynorsk og dialektar, som berre er variantar av same språk, det klarar eg ikkje å sjå. Det opplever eg som litt … konstruert.
Bygdis i byen
Hadia Tajik vart fødd i Bjørheimsbygd i 1983, der ho vaks opp med ein eldre bror og foreldra som innvandra frå Pakistan på 70-talet. Til liks med alle andre ungar i bygda, prata Hadia kav Strand-dialekt. Det var fyrst då ho reiste til byen ho skjønte at ho skilte seg ut:
– Når me drog inn til Stavanger, så kjente me på at me prata annleis. Me sa «skulen» og «heima», medan dei sa «skolen» og «hjemme». Jamaldrande frå Stavanger lo av oss frå Strand, fordi me snakka slik me gjorde.
I dag ler ho av det sjølv òg, samstundes som ho vedgår at dei breiaste dialektorda er blitt borte frå vokabularet etter nokre flyttingar i inn- og utland.
– I Oslo var det ingen som forstod meg når eg sa «kan eg få ein påse». Til slutt sa eg «kan eg få en pose?». «Bås» skjønte folk heller ikkje, så eg enda med å seie «søppel». Heime oppdagar eg stadig ord eg har slipt vekk eller teke til meg. Om eg møter nye folk, hender det til dømes eg tek dei i handa og seier «hyggeligt!» Men det er det jo ingen i Bjørheimsbygd som seier. Til naud seier ein «nei, så kjekt!». Men eg kjenner nok mest på dette sjølv – at dei heime snakkar reinare enn meg.
Bytta til bokmål
I Strand hadde folk flest – eller vanlege folk, som dei heiter i Tajik sine krinsar – også nynorsk som hovudmål. Lenge var ikkje Tajik noko unnatak.
– På ungdomsskulen var det nokre lærarar som sa det kunne vere lurt å ha nynorsk som sidemål på vidaregåande, fordi lærarane då ville ha lågare forventningar til kor flink eleven var i nynorsk, og at ein slik ville få betre karakter i sidemålet.
Det argumentet fungerte dessverre godt på ei tenåringsjente med store ambisjonar. Hadia Tajik visste rett nok ikkje då, at ho berre seks år seinare skulle bli politisk rådgjevar for Jens Stoltenberg og den yngste ved Statsministerens kontor nokosinne. Eller at ho i 2009 kom til å bli valt inn på Stortinget, og så, i 2013, bli kulturminister og den yngste statsråden nokon gong.
– Eg hadde jo lyst på gode karakterar, så eg bytte til bokmål som hovudmål. Reint praktisk var overgangen heilt ukomplisert. Det vart mykje vanskelegare då eg seinare bytte attende til nynorsk.
Provosert til endring
Retretten vart utløyst av ein debatt for over ti år sidan, då diskusjonen stod om ein skulle ha ein felles karakter i norsk skriftleg og munnleg. Tajik meinte det ville signalisere at sidemål er mindre viktig og med det nedgradere nynorsken.
– Eg argumenterte også skriftleg for synet mitt, og då var det ein del som spurde om det ikkje var ironisk at eg skreiv bodskapen min på bokmål. Og for å vere ærleg – nei, det syns eg ikkje. Men til slutt vart eg så provosert at eg skreiv alle innlegg om saka på nynorsk.
Arbeidarpartiets stortingsrepresentant for Rogaland ler lågt.
– I dag skriv eg bokmål når eg skal ta unna e-postar og skrive fort. Men når eg legg ut ting på sosiale medium og formulerer skriftlege spørsmål til ein statsråd, skriv eg nynorsk.
Må ta seg saman
Somme finn den stadige vekslinga hennar provoserande. Andre meiner den er forvirrande og at ho bør halde seg til ei målform. Det er ho usamd i:
– Kvifor må eg halde meg til ei målform? Kor står den regelen?!?
Ho lener seg framover på benken og insisterer:
– Eg er ikkje identitetsforvirra fordi eg skriv bokmål ein stad og nynorsk ein annan – begge delar er like naturleg for meg. Det er jo andre det er forvirrande for, så kanskje dei skal ta seg saman?
Spør du Tajik, og det er jo nettopp det me har gjort, bør også dei som lèt si eiga målform vere styrande for korleis dei meiner NRK bør røkte nyheitsspråket sitt, ta seg ein bolle.
– Eg synest det hadde vore fint om folk over heile landet vart vane med å høyre kvarandre sine dialektar, eg.
– Mange målfolk meiner nyheitsformidlarane bør bruke normert nynorsk, slik at også den blir halden levande?
– Me har over tid valt å akseptere mange former i skriftleg nynorsk, så stringent nynorsk er det få som brukar. Om folk skal oppleve nyheitsspråket naturleg, bør fleksibiliteten me har skriftleg, også bli reflektert i korleis det er greitt å ytre seg – i NRK inkludert. Men nyheitsformidlarar må sjølvsagt velje ord som gjer dei forstått.
– Har du sjølv nokon gong blitt mistolka på grunn av dialekten?
– Åja. Ordet «grævla» eller «grævligt» har eg lagt vekk. Det betyr «voldsomt» eller «veldig», men eg oppdaga at folk trur det er eit bannord. Det er sjølvsagt ei samanblanding eg på det sterkaste tek avstand frå, seier ho med påklistra politikartone.
Det finst likevel verre ting ein kan skulde politikarar for, enn å banne. Me siktar ikkje til populisme eller brotne valløfte, men det å skulde andre for å prate usant. Akkurat det vil Hadia Tajik ikkje ha på seg:
– Eg brukar nesten ikkje ordet «løye» lenger. Eg har opplevd å seie «ja hu var løyen», som i «ho var artig», og så har andre trudd at eg sa «hun har løyet». Det er jo ein heilt, heilt annan bodskap, og noko eg verkeleg ikkje vil bli misforstått på!