nyhende
Ordførar André Mundal Haukås på drillfest:
– De er så gode og set Sveio på kartet
Ordførar André Mundal Haukås kom med famnen full av blomster og lovorda sat laust frå fleire hald då Sveio Drilltropp feira medaljevinnarane frå VM i Torino tidlegare i sommar.
– Det er jo mest blitt ein tradisjon å møta dykk etter VM, for de gjer det jo så bra. Men det er på ingen måte sjølvsagt. Det ligg mykje arbeid og hard trening, interesse og engasjement bak. Innsatsen dykkar er verkeleg med å setja Sveio på kartet, sa ordføraren mellom anna i helsinga til utøvarane.
Best i verda
Sveio Drilltropp tok gull i seniorklassen under verdsmeisterskapen i Italia, og kom også heim med to bronsemedaljar.
– Dette er til glede for heile kommunen. Eg håpar det merkar at de har ein stor heiagjeng bak dykk på på treningar og når de er ute og konkurrerer, sa Mundal Haukås.
Heider til instruktørane
Han overrekte roser til kvar av utøvarane, og hadde denne gongen også gåver med til instruktørane. Søstrene Christiana og Marilena Panayiotou fekk kvar si salamandernål som er eit heidersteikn frå Sveio kommune.
Feiringa av triumfane i VM gjekk føre seg i gymnastikksalen på gamle Lid skule torsdag kveld. Her vanka det også blomster og gode ord frå instruktørane til mamma og drilleiar gjennom mange år, Inger Emilie Kvalvåg Panayiotou. Både ho og instruktørane skrytte dessutan uhemma av troppen.
Framheva samhaldet
Utøvarane sjølve fekk også dela sine beste opplevingar frå Italia-turen med kvarandre. Her kom det fram at både triumfane i konkurransane, medaljeutdelingane, samhaldet og turopplevingane blei framheva.