nyhende

Mange gravplassar har tett leirjord, noko som gjer at omdanninga til jord går sakte. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Mange gravplassar har tett leirjord, noko som gjer at omdanninga til jord går sakte.

Dårleg jord på gravplassar gjer at lik ikkje rotnar

Publisert Sist oppdatert
NPK: Ein gravlagt kropp skal etter planen bli til jord på 20–25 år. Men på grunn av dårleg jord på fleire gravplassar kan det ta mykje lengre tid, viser ei ny undersøking

– Det er eit problem generelt i Noreg, seier forskar Inghild Halvorsen Økland ved Nibio, til NRK.

Undersøkinga av 73 graver i Bergen, Bærum, Oslo, Sandnes, Stavanger og Trondheim viser at ein kan risikere å finne heile kroppar når ein grev opp gravene etter 20, 40 eller 60 år. Problemet er at leire eller anna komprimert jord ikkje slepper oksygen ned i grava. Då kan det ta opp til 200 år før restane er borte.

Fredingstida for urnegraver er 20 år og for kistegraver 25 år. Då kan ein bruke grava om att, dersom ikkje den som har festa grava, ønskje å behalde ho. Men på grunn av dårleg jord risikerer ein altså å finne meir eller mindre intakte kroppar. I Bergen har over halvparten av gravplassane for dårleg jord.

– Då me gjekk heilt ned i grava for å sjå korleis det såg ut, det var ei skilsettande oppleving for oss alle, seier gravplassjef Inghild Hareide Hansen i Bergen kyrkjelege fellesråd til kanalen.

Den ideelle jorda på gravplassar er luftig sand. Hareide Hansen håpar på pengar til å byte ut jord på gravplassane i Bergen, og at ein unngår dei same feila når ein lagar nye gravplassar.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS