nyhende

ARKIVFOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET

Danna fleirtal for fleire innspel til kommunenplanen

Ein koalisjon av KrF, FrP og Høgre gjekk saman i siste formannskap før sommaren. Partia vil at Sveio skal opplevast som ein «JA-kommune».

Publisert Sist oppdatert

Kommuneplanen er ein plan som vert laga kvart tiande år, og kor alle innbyggarar kan kome med innspel.
Særleg viktig for busetting og næring er den såkalla areal-delen av kommuneplanen, som kan påverka kva område som kan opnast for ny aktivitet eller verte freda.

Koalisjon for fleire innspel

På det siste møtet i formannskapet før sommaren danna partia Høgre, KrF og FrP ein koalisjon. Dei ynskte å legga til rette for auka aktivitet mellom anna innan næring, hytter og hus.

– Skal me få til vekst og utvikling i Sveio må me lytta til dei som vil kasta jakka og gjera noko, skriv fire medlemmar i formannskapet i ei pressemelding.

Vedtaket deira vart røysta gjennom med fem mot to stemmer. Lars Einar Hollund (H), John Kristian Økland (H), Jarle Jacobsen (KrF), Rune Teikari (FrP) og varaordførar Ruth Grethe Østebøvik Eriksen (FrP).
Monica Vandaskog Valen (Sp) melde forfall og vart erstatta av Økland (H).
Ordførar Linn Therese Erve (Ap) og Håkon Skimmeland (Ap) røysta i mot.

– Det var ikkje noko stor usemje. Me var i oppfatning av denne saka at me låg oss på det rådmannen hadde føreslått, seier Erve.

Endra på kriterium

Endringa frå rådmannen sitt opprinnelege forslag er kort forklart at vidare behandling skal verta meir positiv til utbygging, og ta med meir av innspela som har kome til konsekvensutgreiing.

Frå før har det vore etablert kriterium for kva innspel som vert sila ut eller tekne med vidare. Det er desse  som no vert litt endra på.

To dømer er presiseringane at «I spreidd busetnad må ein kunna kombinera både bustadar og fritidsbustadar», og «Der teknisk infrastruktur ligg lett til rette skal ein kunna endra frå føremål naust til fritidsbustad».

Eit forslag som vart røysta ned var konsekvensutgreiing av alle områder kor det har kome innspel om akvakultur. Det vart lagt fram av varaordføraren. Ho fekk støtte av Erve og Skimmeland, men forslaget falt tre mot fire.

Powered by Labrador CMS