nyhende
Dagsturhytte på veg til Emberlandsnipen
Hovudutval for oppvekst og kultur i Sveio foreslår at den planlagte dagsturhytta i kommunen skal byggjast mellom Tvillingtjørnane og Skyggjeberget, ved turstien frå Stølen til Emberlandsnipen.
Vedtaket er i tråd med rådmannen sitt forslag. Turgåarar kan då parkera ved Auklandshamn skule eller Auklandshamn Dagligvare, foreslår rådmannen i saksutgreiinga. Det er kommunestyret som til slutt bestemmer kor hytta skal byggjast.
Då kommunen ba om forslag til plassering av hytta, kom det inn 24 forslag. Ikkje alle tilfredstilte dei kritera som er sette, men seks alternativ er blitt vurderte nærare.
Det er Istertveit ved Forevatnet, Flatåsen/Søljetjørn nord for Sveio Golfpark, Dreng nord for Førde, Hovdafjellet ved Buavåg og Røysaneset på Tittelsnes og Skyggjeberget ved stien til Emberlandsnipen.
Sistnemnde alternativ, som altså har fått tilslutnad så langt, ligg 40 minuttars gange i roleg tempo frå Stølen. Turstien er ikkje særleg krevjande.
Blant dei første
Sveio er ein av ti tidlegare hordalandskommunar som får si dagsturhytte i 2020, fortel saksbehandlar Marit Liknes. Mellom dei andre kommunane er Bømlo, Stord og Kvinnherad.
– Dagsturhyttene er eit direkte resultat av samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland fylke, fortel Liknes vidare.
Bakgrunnen er at alle dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane har slike dagsturhytter, som er delvis finansierte av Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordaane. Ved samanslåinga av fylka kom det fram ønske om at alle hordalandskommunane også måtte få eit tilsvarende tilbod.
Kostar ein million
Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane har sagt ja til å delfinansiera hyttene i Hordaland også, saman med fylkeskommunen, kommunane og spelemidlar frå Norsk Tipping. Hyttene blir alle like, teikna av arkitektfirmaet Rojo Arkitekter AS i Trondheim.
Kvar hytte er kostnadsrekna til rundt ein million kroner. Kostnadane skal fordelast slik: Fylkeskommunen 200.000 kroner Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane 100.000, momskopensasjon 200.000, spelemidlar 333.000 og kommunalt låneopptak 167.000 kroner.
– Hordaland fylkeskommune sette i 2019 av pengar til ti hytter. Me var tidleg ute og kom med blant dei første, seier Liknes.
Ho og ordførar Linn Therese Erve var i fjor haust på tur til Sogn og fekk sjå ei av hyttene som er bygt der. Denne turen er tidlegare omtalt i Vestavind.
Open for alle
– Dagsturhytta skal vera open til ei kvar tid. Hytta skal ikkje nyttast til overnatting, men til rastepause for turgåarar. Om dei vil, kan dei også fyra i omnen og varma seg. Kommunen vil inngå avtale med eit lokalt lag som får ansvaret for tilsyn mot ei viss kompensasjon, seier Liknes, som alt har sikra avtale med grunneigar for 30 år framover.
Målet er opning av hytta hausten 2020.