nyhende

Då FM-nettet blei sløkt hagla kritikken frå fleire hald. Dei siste åra har vi høyrt lite frå kritikarane, men kommunikasjonsrådgivar Hans- Petter Nygård-Hansen meiner motstanden framleis er stor. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Då FM-nettet blei sløkt hagla kritikken frå fleire hald. Dei siste åra har vi høyrt lite frå kritikarane, men kommunikasjonsrådgivar Hans- Petter Nygård-Hansen meiner motstanden framleis er stor.

— Dab var og er eit feilskjær

Publisert Sist oppdatert
Då FM-nettet blei lagt ned i 2017 og DAB-radioen tok over norske heimar hagla det med kritikk. Mange meinte at dab ikkje var godt nok og at FM-nettet måtte få leve vidare. Kritikken har stilna, men det er lite som tyder på at kritikarane har endra meining.

NPK: – Når folk generelt, bransjeaktørar, lydentusiastar og radiofans kanskje har slutta å syte og klage er det vel fordi det ikkje har så mykje for seg. Dette er bestemt og innført med tvang. Det einaste ein kan bruke tid og energi på er at dei mindre radiostasjonane skal få lov til å halde på FM fram til 5G-nettet er på plass til å ta over, seier kommunikasjonsrådgivar Hans-Petter Nygård-Hansen i kommunikasjonsbyrået KommFrem til Nynorsk pressekontor.

Han var blant dei som deltok aktivt i debatten om dab då FM-nettet stengde. No brukar han tid og energi på andre ting, men haldninga hans til dab er den same.

– Fullstendig ubrukeleg

– Dab er eit feilskjær som kosta AS Noreg godt over 20 milliardar kroner. Det har vist seg å vere meir eller mindre ubrukeleg og til samanlikning hadde det kosta marginalt å halde ved like FM-nettet til 5G-nettet var tilstrekkeleg utbygd slik at vi kunne køyrt alt saman over på internett, seier Nygård-Hansen.

Han karakteriserer innføringa av dab som eit fullstendig feilskjær frå staten.

– Dab er på mange måtar den største og dyraste haldeplassen i verda for ein døyande teknologi. Dei same aktørane som stod i bresjen for å få dab implementert byrja å satse på podkast og radio over internett i same augneblink som dab-kampen var vunnen, seier Nygård-Hansen.

Færre unge lyttarar

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det i 2021 berre var 20 prosent av unge mellom 16 og 24 år som lytta til radio dagleg. Til samanlikning var det i same aldersgruppe 47 prosent som høyrde på radio dagleg i 2015.

Også tida unge brukar til radiolytting har gått ned. I 2015 sa unge mellom 16–24 år at dei i snitt høyrde 51 minutt på radio kvar dag. I 2021 var dette talet redusert til 11 minutt.

Også blant folk i aldersgruppene 25–44 år og 45–64 år har radiolyttinga gått ned. Den einaste gruppa der lyttartala held seg stabile er i aldersgruppa 65–79. I den gruppa var det 65 prosent som lytta på radio dagleg i 2015 medan talet hadde auka til 73 prosent i 2021.

– For dei som veks opp no trur eg dab-teknologien har bidratt til å skape ein endå større avstand enn tidlegare. Blant anna fordi nesten alt innhald som dei unge konsumerer i dag, skjer via internett og på ein smarttelefon. Vis meg det barnet eller den ungdommen som ønskjer seg ein dab-radio i bursdagspresang, seier Nygård-Hansen.

Unyttig kanalmangfald

Eitt av hovudargumenta ein brukte for å innføre dab var at teknologien ville gi eit langt større kanalmangfald til fleire.

– Utvalet for mange har nok blitt større, men ser vi på statistikken over kva folk lyttar på så har ikkje lyttarane flytta seg til dei nye kanalane. Det einaste dei har gjort er å flytte frå FM til dab, men ikkje minst til internett. Det store utvalet av nye radiokanalar har eigentleg ikkje gjort så mykje med lyttinga. Det er ingenting som tyder på at tvangsinnføringa av dab var verdt det, fortel Nygård-Hansen.

Ei slags vedkjenning

Nygård-Hansen meiner at både politikarane og mediehusa som ivra mest for å innføre dab skjønar at det var eit feiltrinn, men at dei ikkje vil innrømme det.

– Eg trur det til sjuande og sist handlar om så enkle ting som stoltheit og staheit. Det å innrømme feil sit langt inne for enkeltindividet. I alle fall å seie det openlyst. Eg synest mange har sagt det utan å seie det. Til dømes ved at omtrent ingen av radioprodusentane har nemnt dab dei siste åra. No er det podkast og internett-radio som gjeld. Eg synest det i seg sjølv er ei slags vedkjenning, seier Nygård-Hansen.

– Dab vil stå igjen som ein fotnote. Den dyraste fotnoten i verda i så måte, avsluttar kommunikasjonsrådgivaren.

Gunstig omlegging

Radiosjef Cathinka Rondan i NRK opplyser at dei gjerne innrømmer feil, men at innføringa av dab var ei gunstig omlegging. Ho viser til at dei fem radiokanalane som var landsdekkjande på FM-nettet har lågare marknadsdel etter omlegginga og at fleire kanalar som blei gjort tilgjengeleg gjennom dab har fått ein solid lyttarskare.

– I 2013 hadde dei fem kanalane som var landsdekkjande på FM i overkant av 96 prosent marknadsdel, i 2021 var marknadsdelen 64,4 prosent og i første halvår av 2022 ligg marknadsdelen på 63 prosent. Folk skrur etter innhaldet dei vil ha. Til jul blir julemusikk-kanalane blant dei største i landet, og under OL i Beijing skrudde 400.000 seg inn på NRK Sport. NRK Nyheter har vakse til ein mykje større kanal med 150.000 lyttarar og P1+ har 300.000, skriv radiosjefen i ein E-post til Nynorsk pressekontor.

– Samanlikna med alle dei andre tradisjonelle media, så held lineær radio seg oppsiktsvekkjande godt. I tillegg til at fleire i heile landet fekk tilgang på radioinnhald gjennom dab, har overgangen også svart på framtidas lyttarbehov.

(©NPK)

– Dab er eit feilskjær som kosta AS Noreg godt over 20 milliardar kroner, seier Hans-Petter Nygård-Hansen.
Powered by Labrador CMS