nyhende

Ferja ved kai. ARKIVFOTO
Ferja ved kai. ARKIVFOTO

Covid-19 slår ut ferjesamband

Fjord 1 er råka av koronasmitte blant til sette. Det råkar ferjetrafikken mellom Bømlo og Sveio.

Publisert Sist oppdatert

Siste: Tydsag 11. januar igjen vart sambandet sett i drift igjen.

For tredje gong på tre døgn vart ferjesambandet mellom Langevåg og Buavåg innstilt, denne gongen frå klokka 15 måndag ettermiddag.

Sundag kveld var ferjesambandet innstilt berre ei kort tid, men fredag la ferja til kai klokka 19 og sambandet var ikkje oppe igjen før laurdag morgon.

Covid-19

— Me har ein krevjande situasjon i høve til å ha nok bemanning på ferjene no, grunna covid-19, opplyser regionleiar Geir Vangen i Fjord 1 til Vestavind.

Bilferja «Bømlafjord» ligg ved kai i Langevåg. Då Vestavind var i kontakt med reiarlaget liket etter klokka 15.30 måndag, var det uklart når sambandet kan vere i drift igjen.

— Me er ikkje åleine om å oppleve utfordringar knytt til bemanning grunna covid-19, seier han.

— Kjedeleg for passasjerane

Vangen seier at reiarlaget har avgrensa med mannskap, og at dei berre må håpe at folk blir friske att snarast mogeleg.

— Dette er naturlegvis kjedeleg for passasjerane våre, men akkurat på Langevåg-Buavåg er det heldigvis fastlandsforbindelse som kan nyttast som alternativ. Det er vanskelegare i samband der ferja er einaste mogelegheit for å kome seg til og frå øya på, poengterer han.

Powered by Labrador CMS