nyhende

Hyller med frukt og grønt på Coop Mega på Skøyen i Oslo. Foto: Terje Pedersen / NTB
Hyller med frukt og grønt på Coop Mega på Skøyen i Oslo.

Coop frys prisen på 200 daglegvarer ut året

Publisert Sist oppdatert

NPK-NTB: Coop varslar at prisen på 200 av dei mest populære daglegvarene ikkje skal auke dei neste månadene.

VG melder at Coop set eit pristak på varene for å hjelpe kundar som slit økonomisk som følgje av prisstiginga på mat, straum og drivstoff, og dessutan renteaukar.

– Vi kjem ikkje til å auke prisane og held dagens prisnivå eller lågare ut året. Det gjer vi for å bidra til å halde oppe nordmenns kjøpekraft, seier Bjørn Takle Friis, informasjonsdirektør i Coop, til VG.

Grepet blir teke i alle Coops butikkar omgåande. Ved hjelp av kundeanalysar har dei valt ut 200 av dei viktigaste varene. Det er gjeld til dømes gulost, mjølk, ferdigrettar og toalettpapir.

Takle Friis innrømmer at dei har vore inspirerte av at utanlandske kjeder, som franske Carrefour, har innført prisfrys den siste tida.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS