nyhende
– Byrjar for fullt neste veke
Bømlo Hus sitt prosjekt i Sveio sentrum har kome smått i gang, og allereie har dei selt mange bueiningar. Dagleg leiar Per Kåre Kallevåg seier alt er klart for full fart neste veke.
Tysdag ettermiddag og kveld var det arbeid langs gangstien mellom Omsorgssenteret og sentrum av Sveiobygda. Då vart gjerde sette opp langs heile jordet kor det skal kome nye bustadar.
– Me har gjort mykje klart og sett fram utstyr og maskin på staden, seier Per Kåre Kallevåg.
Som dagleg leiar i Bømlo Hus gler han seg over at dei har fått innvilga løyve. No kan dei byrja bygginga i prosjektet med namn «Hansabakken».
– Det kjem seks bygg, to tomannsbustadar og fire einebustadar. Me har selt godt, seier Kallevåg.
– Kor mykje då?
– Det er berre to einebustadar att, svarar han.
Grunnarbeidet har smått byrja og no er alt klar for å verkeleg setja i gang.
– Det vert full oppstart frå neste veke, seier Kallevåg.
– Kor lenge skal grunnarbeidet halda på?
– Eg tenkjer me er klare til å byrja sjølve bygginga av hus rundt påske, svarar han.
I likskap med det pågåande prosjektet Steinhaugmarka rett ved sidan av så kjem Bømlo Hus til å bygga på dyrka mark.
– Kva skal skje med jorda?
– Det står i byggjesøknaden vår. Mesteparten skal nyttast på tomten til hage og verte verande. Det som eventuelt står att vil køyrast bort og tilførast som matjord ein annan stad, forsikrar Kallevåg.