nyhende
Byrja med karate då ho var fem og tok svart belte som fjortenåring
Luna Nesse frå Våga trådde inn i rekka av dei med sort belte i karate då ho graderte seg på laurdag. Det er ikkje vanleg for ein 14åring! – Det er fantastisk gjort, seier trenar Synniva Agasøster om eleven sin.
Laurdag den 26. november var karateutøvarar frå heile regionen samla i Bergen for å gradera seg og slå eit slag for samhald innan sporten.
Frå Sveio Karate var det fire utøvarar. To av dei graderte seg, som vil seia at dei steig i rang, til det siste beltet i karate, nemleg svart.
Stolt
– Det var veldig mykje nervar for begge to, men me klarte det, seier ei nøgd trenar Synniva Agasøster.
– Det var litt skummelt, men spennande også, seier Luna Nesse (14).
Agasøster gjekk opp til tredje grad av svart belte, og Nesse bestod graderinga og fekk sitt første svarte belte. Agasøster forklarar at det er ei bragd.
– Me er veldig stolte over ho. Det er fantastisk gjort, seier trenaren.
For Nesse var det heile litt ekstra stort, då det var første gradering ho hadde utanfor Sveio Karateklubb. I Sandslihallen i Bergen var det fleire hundre personar samla.
– Det var ganske mange klubbar som graderte seg saman, seier Nesse.
Må kjempa for beltet
Måten ein gjer seg fortent til nytt belte, eller «dan», på beltet, er ei gradering som består av tre delar.
– Først skal ein visa fram teknikk, så er det frikamp, og så visa mønster og bevegelsar, seier Agasøster.
– Frikamp? Så de slåss faktisk for nytt beltet?
– Ja, ein går saman med andre som også skal gradera seg. Eg og Luna har trent mykje frå før mot andre, så det gjekk fint, seier ho.
Agasøster har vore trenaren til Nesse heilt sidan byrjinga i 2015, då Luna meldte seg på berre fem år gamal.
– Så eg har gått ein stund på karate, seier ho.
– Nesten heile livet då?
– Ja, nesten, svarar Nesse.
Fylt med glede
– Kva tenkte du då du fekk det svarte beltet?
– At det var litt sjukt, men eg trudde samstundes at eg skulle klara det sidan eg har øvd ganske lenge. Eg vart fylt med mykje glede rett og slett, seier ho.
Då ho var 12 år var faktisk Nesse sjølv karatetrenar for yngre elevar ein periode.
– Det hang eit bilete av meg ved sidan av dei andre lærarane kor det stod «senpai», som betyr «lærar», seier ho.
Utanom kampsport er ho elles aktiv med både piano og hesteridning på fritida.
– Eg øver på ein julesang som eg skal spela på ein konsert snart, seier Nesse.
Ti nivå
Vegen til gradering har vore prega av stor innsats, noko Agasøster gjev ros til den nye svart belte-utøvaren for.
– Det er mykje trening involvert, seier ho.
Sveio Karate har nyleg byta hovudorganisasjon til den verdsomspennande Japanese Karate Association (JKA), og med den endringa opna det seg også ei mogelegheit for unge Nesse.
– Den tidlegare organisasjonen me var med i lot ikkje dei under 18 år ta svart belte. Då fekk dei det som heiter «junior-belte», og måtte ha tatt graderinga på ny seinare fortel Agasøster.
Skal ein snakka språkleg korrekt om karate, så tok Nesse det som heiter «1dan» og Agasøster «3dan», altså første og tredje nivå i svart belte.
– For dei av oss som ikkje er kjend med karate. Kor mange nivå finst det innanfor svart belte?
– Det er 10 nivå med svart belte, svarar Agasøster.
Nesse er førebels nøgd med graden sin, men utelukkar ikkje nye «dan» i framtida.
– Eg har ikkje tenkt så mykje på det, men eg vil nok sikkert vidare til andre «dan», avsluttar ho.