nyhende

Tilbygget med vaskehall ligg heilt til høgre på illustrasjonen. Teikning: Brødrene Mæland
Tilbygget med vaskehall ligg heilt til høgre på illustrasjonen. Teikning: Brødrene Mæland

Byggjer ny vaskehall

I desse dagar startar arbeidet med å byggja ny vaskehall for bilar ved Sveio Auto sitt anlegg i Sveioåsen.

Publisert Sist oppdatert

Vaskehallen kjem som eit tilbygg i nordenden av det eksisterande bygget. Her blir det plass til to vaskeplassar, fortel eigaren av verksemda, Ole Martin Grindheim.

Open 24/7

Den eine plassen skal Sveio Auto bruka sjølv til klargjering av nye og brukte bilar. Den andre vil stå til publikum sin disposisjon 24 timar i døgnet, forklarar han vidare.

I første omgang blir det snakk om ein hall for sjølvvask. Viser det seg at det er grunnlag for det, er ikkje Grindheim framand for tanken på å investera i ein vaskemaskin for kjøretøy i neste omgang.

Første i sitt slag

Samstsundes med bygginga av vaskehallen skal også butikklokalet til Sveio Auto oppgraderast. I alt er det snakk om ei investering på fire millionar kroner, opplyser Grindheim. Han reknar med at arbeidet skal vera fullført i mai.

Sjølvvaskehallen blir det første tilbodet i sitt slag i Sveio. Grindheim seier dei har fått mange tilbakemeldingar om behovet for ein slik hall, og håpar responsen blir deretter.

Powered by Labrador CMS