nyhende
Butikkopning med raud løpar, korpsmusikk og takketalar
– Dette er ein siger for bygda, sa ein svært nøgd Stein Kolstø som har røter i Auklandshamn der han og familien eig eit feriehus. Dei gler seg over å endeleg kunna handla på nærbutikken igjen.
Det norske flagget vaia i vinden, og det var fest i bygda med om lag 300 frammøtte då den nye butikken opna onsdag ettermiddag.
Den raude løparen var på plass for Marryel Velde som er drivaren av den nye butikken. For vardaordførar i Sveio, Ruth Grethe Ø. Eriksen som var snorklippar, og som mellom anna sa at «viss dåke bruke butikken i dag, vil dåke ha den i måra!»
Innhaldsrik feiring
Løparen var der for Christian Lykken i NorgesGruppen, for Merkur-konsulent Lars Helgeland, for Forretningsbygg Stølen SA, og for Henry Thorsen som i følgje Helgeland har æra for at det framleis finst mange nærbutikkar. Den var for alle som hadde gjort ein formidabel dugnadsinnsats som det for alltid vil gå gjetord om. Og for alle andre som tok del i denne feststunda.
Kjøkkengjengen og andre fekk det travelt med å sjå til at dei mange som sat inne i kafeen og utanfor fekk kaffi, te og saft, pølser og is. Dei mange borna kunne ta del i lykkehjul med premiar, rebusløp etter påskeegg i nærområdet, og alle fekk høyra Eikeland musikkorps spela som om det var sjølvaste 17. mai.
Open alle dagar
– Auklandshamn Landhandel vil vera open alle dagar med bemanna kjernetid utanom søndag. Utanom bemanna opningstid vil det vera ei fjernbetent løysing slik at kundar kan regisrera seg ved inngongen med bankkort, og dermed få tilgong til butikken, fortel Marryel.
Ho fekk velfortent mykje ros for at ho tek på seg ansvaret for å driva butikken. Ho vil også halda fram med gardsdrifta heime i lag med ektemannen Ole Velde og deira born.
Gler seg til å handla
Og kundane gler seg til å endeleg kunna handla på nærbutikken igjen.
– Eg kjem i alle fall ikkje til å køyra til Sveio for å handla bakepapir når eg skal laga pizza, sa Runar Larsen og humra godt. Han er ungdoms- og studentprest på Stord, men vaks opp i Sveio og er no busett i Auklandshamn.
– Me har sakna å ha butikk i bygda, og no gler me oss til å på ny kunna handla her, sa Brit Mæland og ektemannen Martin. Dei har hatt hytte i Auklandshamn i om lag 20 år.