nyhende
Butikklokalet i Valevåg til sals
– Det har kome nokre førespurnader, men ingen bod så langt, seier Jarle Møllerhaug. Han er dagleg leiar i Valevåg Senter AS, som no prøver å selja forretningsbygget i Valevåg.
Eiendomsmegler1 i Haugesund har fått oppdraget med å selja eigedommen. Prisen er sett til 2,5 millionar.
– Får me den summen, taper me ikkje pengar i alle fall, seier Møllerhaug.
Ville berga butikken
Han er også medeigar og styremedlem i selskapet. Styreleiar er Trygve Spångberg. Med i styret er også Arild Frøkedal. Selskapet blei oppretta og kjøpte forretningsbygget av Ruth G. Ø. Eriksen for ti-tolv år sidan for å sikra vidare drift av daglegvarebutikken i bygda. Stordabuen Per M. Grøsvik var den siste eigaren av Valevåg Landhandel, som dreiv butikk i bygget. Firmaet hans ba om oppbod i byrjinga av april i fjor. Sidan har det ikkje lukkast å finna nye kjøpmenn som er villige til å satsa på butikkdrift i bygda.
– Difor har me valt å leggja eigedommen ut for sal, seier Møllerhaug.
Lager eller leilegheiter?
Samstundes understrekar han at dei ikkje har det travelt, og at dei ikkje vil selja for ein kvar pris. Sidan konkursen i fjor vår har bygget vore utleigd til lager. Dei førespurnadene som har kome etter at eigedommen blei lagt ut for sal, gjeld også bruk lagerbruk. Dei som har vist interesse så langt, har tilhald i andre kommunar enn Sveio.
Sjølv meiner Møllerhaug at bygget kan vera interessant til ulike føremål. Mellom anna ser han for seg at det kan ominnreiast til fleire leilegheiter. Bustader er det mangel på i den nordlege delen av Sveio, påpeikar han.
Forretningseigedommen ved den nedlagde ferjekaien i Valevåg har eit areal på vel 2,3 mål. Bygget blei sett opp i 1973 og har eit areal på 418 kvadratmeter ifølge annonsa på finn.no. Slik huset er innreidd i dag, inneheld det tre avdelingar, ei kafé, butikklokalet og lager som også kan nyttast som garasje.