nyhende

Jaktsesongen for hjortevilt starta søndag 10. august, og først ut er jakta på rådyrbukk. Foto: Jarle Erdalsdal
Jaktsesongen for hjortevilt starta søndag 10. august, og først ut er jakta på rådyrbukk.

Bukkejakta er i gong

10. august gjekk starten for årets jaktsesong på hjortevilt. Først ut er bukkejakta.

Publisert Sist oppdatert

Jaktsesongen varer frå 10. august til og med 23. desember, og det er oppstart til forskjellige tider for dei ulike artane.

Jakta på rådyrbukk starta altså 10. august, og ein kan jakta rådyrbukk heile perioden.

– Bukkejakta foregår ofte som lokkejakt der ein etterliknar lydane til ei rådyrgeit som blir jaga av ein bukk. Då vil bukken oppsøka området, og det kan gi jegarane spennande jaktopplevingar, seier Håkon Aamodt, rådgiver i Sveio kommune for landbruk, vilt og naturforvalting.

Hjortejakt frå 1. september

Hos rådyr bli hoa kalla geit og kalven kje. Dei er det ikkje lov å jakta på før 25. september.

Hjortejakta er det oppstart på 1. september. Det har vore nokre innlegg på Facebook der folk har reagert på smell og meiner at det blir jakta ulovleg, men årets jaktsesong er altså i gong.

– At ein høyrer høge smell er ganske uvanleg i dag. Nesten alle brukar lyddempar, og det er konfliktdempande i høve til jakta, seier Aamodt.

– Vis omsyn

– Er det noko folk må gjera annleis når dei er ute på tur framover?

– Nei, det viktigaste er å visa omsyn og dela skogen med kvarandre. Alle skal kunna kjenna seg trygge og velkomne i naturen, enten ein plukkar bær, sopp, går på jakt eller går tur. Det gjer heller ikkje noko å vera ekstra synleg med litt sterke fargar på turkleda, avsluttar rådgivaren.

Her finn du jakttider for heile landet

Powered by Labrador CMS