nyhende

Haugaland tingrett og Sunnhordland tingrett var blant domstolane som vart slått saman.ARKIVFOTO: IRENE FLATNES HALDIN
Tinghuset i Haugesund, kor dei fire styremedlemmene har kjempa for si sak i to omgangar. Først i tingretten, kor dei vann - så tapte dei ankesaka i lagmannsaretten.

Bufellesskap-rekninga blir dyrare enn antatt

Måndag er det ekstraordinære møte i formannskapet og kommunestyret i Sveio. Det står berre éin sak på lista – spørsmålet om Sveio kommune skal dekke rekninga som dei fire tidlegare styremedlemmane i Sveio Bufellesskap sitt att med etter å ha tapt eit pensjons-søksmål i Gulating lagmannsrett. Rekninga blir høgare enn det rådmannen først antok.

Publisert Sist oppdatert

Rådmannen sitt framlegg

1. Sveio kommune dekker erstatning og rentekostnadar som tidlegare styremedlemmer i Sveio bufellesskap er idømt av lagmannsretten, høvesvis avgrensa til maks. kr 650 000,– og maks. kr 200 000,–.

2. Sveio kommune dekker dei tidlegare styremedlemmene sine sakskostnadar for saker i tingsretts- og lagmannsrettsdom avgrensa til maks. kr 350 000,–.

3. Pkt. 1 er berre gjeldande i tilfelle av rettskraftig lagmannsrettsdom eller at Høgsterett tillét ein eventuell anke og dømmer i Overføringsavtalens sikringsordning sin favør.

4. Pkt. 2 er berre gjeldande i tilfelle av rettskraftig lagmannsrettsdom eller at Høgsterett tillét ein eventuell anke og fastset at styremedlemmene må dekka eigne sakskostnadar.

5. Skulle styremedlemmene bli idømt høgare kostnadar ved ei eventuell ankebehandling i Høgsterett vil kommunen ikkje dekka høgare summar enn kva som går fram av pkt. 1 og 2.

6. Kostnadar til skatt, arbeidsgivaravgift etc. må reknast med i ovannemnde summar.

7. Totalt løyver kommunestyret inntil kr 2 400 000,– til dekning av postane nemnde i pkt. 1, 2 og 6.

8. Kommunestyret løyver inntil kr 30 000,– til advokatbistand for klargjering av skattekostnadar, jf. pkt. 6.

9. Midlar til dekning av kostnadane blir å henta frå disposisjonsfond.

10. Rådmannen får fullmakt til å avgjera korleis utbetalingar kan skje på føremålstenleg vis.

Det var då konstituert rådmann Ingunn Toft orienterte kommunestyret i september at ho anslo kostnaden til 1,6 millionar kroner. Men ho la då stor vekt på at administrasjonen hadde hatt svært kort tid på jobbe med saka, og at det difor var knytt stor usikkerheit til tala.

I framlegget til møta måndag føreslår rådmannen ei løyving på inntil 2,4 millionar kroner, for å dekke alle kommunens utgifter til saka.

Tok samfunnsansvar – fekk millionrekning

Vestavind har i fleire omgangar skrive om dei fire tidlegare styremedlemmene i den konkursråka kommunale stiftinga Sveio Bufellesskap, som nyleg tapte søksmålet som Overføringsavtalen sikringsordning retta mot dei.

Søksmålet kom som lyn frå klår himmel for eks-styremedlemmene. Det kom som ein konsekvens av at stiftinga ikkje hadde betalt inn eit såkalla avviklingstilskot i samband med avvikling og seinare konkurs i stiftinga. Avviklingstilskotet skal sikre at Sikringsordingen, som gjennom avtale med stiftinga sin pensjonspartnar KLP, betaler ut framtidig pensjon til dei som har vore tilsett i stiftinga. Sikringsordningen har heldt dei fire tidlegare styremedlemmane personleg ansvarleg for det manglande tilskotet.

Det høyrer med at dei fire hadde tatt fleire grep for å sikre at avviklinga gjekk etter boka, men plikta til å betale avviklingstilskotet var ikkje fanga opp korkje av administrasjonen eller rekneskapsfører. Heftinga var heller ikkje bokført, noko revisor i retten gjorde greie for ikkje var pålagd å føre i rekneskapsbalansen.

Etter to rettsrundar, ein i Haugaland og Sunnhordland tingrett i desember i fjor, kor dei saksøkte vann, og ein i Gulating lagmannsrett i august i år, kor dei saksøkte tapte saka, er dei dømt til å betale 613.688 kroner og 40 øre i erstatning til Sikringsordningen. I tillegg må dei betale forseinkingsrenter på 148.000 kroner. Dei fire har i tillegg ei samla rekning på 347.228 kroner og 75 øre i sakskostnadar. Dette beløpet står at etter at 250.000 kroner er dekt gjennom private forsikringar.

Stiftinga hadde sagt opp styreansvarsforsikringa, då ein trudde alt var teke hand om i høve til alle rettar og pliktar. Dermed risikerer å stå att med rekningar på nesten 400.000 kroner kvar, etter å ha tatt på seg det dei oppfatta som ideelle styreverv i stiftinga som tilbydde tenester til barn og unge med ymse utfordringar.

Skatt gir auka kommunal rekning

Årsaka til at kommunen sin kostnad blir meir enn dobbelt så stor som erstatninga styremedlemmene er dømt til å betale pluss sakskostnadar, er i hovudsak knytt til at når kommunen skal gi midlar til private som ikkje følger av ei tilskotsordning eller liknande, har ein ikkje andre alternativ enn å rekna dette som lønn.

Det er ein skatteadvokat som har rekna ut at når ein tar med arbeidsgivaravgift, samt at ein i tar omsyn til om mottakarane vil bli kravd for toppskatt ved utbetaling, og kompenserer for dette, viser ei førebels utrekning at blir tale om ei samla utgift for kommunen på mellom 2,2 og 2,4 millionar kroner. Då er også utgiftene til advokathjelpa kommunen har leigd inn teke med.

Rådmannen er positiv til at kommunen tar heile denne rekninga.

— Med tanke på bakgrunnen for at styremedlemmene tok på seg vervet i Sveio bufellesskap, og at bufellesskapet tidlegare var eit kommunalt føretak (KF), samt når ein ser på dei økonomiske konsekvensane for styremedlemmene som privatpersonar, meiner rådmannen det er rimeleg i denne konkrete saka at kommunen dekker kostnadane for styremedlemmene ut frå ei etisk vurdering, skriv ho i sitt framlegg til saka.

Konstituert rådmann Ingunn Toft er positiv til at kommunen dekker rekninga til dei fire styremedlemmene.

Ordførar Linn Therese Erve (Ap) har tidlegare uttalt at ho meiner kommunen har eit etisk og moralsk ansvar overfor dei fire styremedlemmene, og har stilt seg positiv til å dekke utgiftene dei er påført som følgje av saka. Dei andre partia gav etter orienteringa i siste kommunestyre uttrykk for at dei vil støtte eit framlegg om å ta rekninga.

PS! Partane har frist til 15. oktober på å anke dommen til Høgsterett. Utfallet av ei eventuell handsaming der er uviss. Blir saka anka, og styremedlemmene vinn fram, vil beløpet dei folkevalde løyvar ikkje bli naudsynt. Skulle dei tape saka føreslår rådmannen at kommunen sitt bidrag blir avgrensa til det beløpet dei er dømt til å betale i lagmannsretten.

Powered by Labrador CMS