nyhende
Budsjettsprekk for Eikeland gravplass
Sveio kommune har fått inn fem tilbod på utviding av gravplassen ved Eikeland kapell. Alle ligg over budsjettet, og saka må opp til politisk behandling.
— Me reknar med å leggja saka fram for politikarane på kommunestyret 26. september, seier prosjektleiar Per Riise til Vestavind.
Politisk sekretær i Sveio kommune, Bjarte Stølås Storli, stadfestar at saka kjem opp på neste formannskapsmøte og derfrå går vidare til kommunestyret. Rådmannen si innstilling vil vera klar fredag, seier Storli.
Riise vil ikkje gå inn på kor stort avviket er mellom budsjett og tilbod, men fortel at Vassbakk & Stol er innstilt frå administrasjonen si side.
I og med at saka må opp til ny politisk behandling, blir gravplassutvidinga forseinka endå ein gong. Det er få ledige plassar igjen på gravplassen på Eikeland.