nyhende
Budsjettet er i hamn, med éi stemme overvekt
FrP og Ap vann fram då budsjettet kom i havn måndag kveld. Med dei to uavhengige hadde dei éi stemme meir enn dei fem andre partia sitt felles forslag.
Det handlar om korleis dei neste åra skal bli. Pengar skal fordelast og planar leggjast – og leggjast om. Rådmannen har kome med sitt forslag, som dei sju partia har jobba vidare med for å tilpassa sin politikk. Arbeidarpartiet og Framstegspartiet har jobba saman med dei to uavhengige kandidatane Stian Nygård og Ole Johan Sveen, medan Høgre, Senterpartiet, Sv, KrF og MDG har laga sitt forslag. Begge er lagt fram i formannskapet for to veker sidan.
Justert forslag
Dei fem partia hadde ikkje endra på noko i sitt forslag, men Ap og FrP hadde gjort nokre justeringar.
– Det er viktig rigga budsjettet gi oss sjølve økonomisk spelerom. Det handlar ikkje minst om å få fleire skatteinntekter til kommunen. Me må halda på arbeidet vidare, og få gjennom dei store investeringane me har lagt inn, bringa dei til mål og sikra godt driftsgrunnlag, sa sa Håkon Skimmeland, gruppeleiar for Sveio Ap.
Han og Rune Teikari frå Sveio FrP presenterte kvar sin halvdel av framlegget for dei andre politikarane.
Oppmoda til dialog
Då det var Lars Einar Hollund frå Sveio Høgre sin tur, bemerka han at det nye forslaget til partia i posisjon, Ap og FrP hadde blitt berika med moment som også var i fellesforslaget frå dei fem partia (opposisjonen), som blei lagt fram i formannskapet. Konkret er dette å greia ut om eit fengsel, og økonomisk auke til lag og organisasjonar.
– Det er trist at me ikkje har fått vore med på dette. Det var eit ønskje frå ordføraren i formannskapet om å få breiast mogleg fleirtal bak budsjettet, kommenterte Hollund. Som døme trekte han fram planane om kommunalt vatn til Fjon og Flatnes, som Ap, FrP og dei to uavhengige foreslår å utsetja eitt år, i staden for å realisera prosjekta i henhaldsvis 2021 og 2022.
– De er opptatt av breiband, men vatn er ikkje så nøye. Det finst alternativ til breiband, men ikkje til vatn, påpeikte Hollund og oppmoda dei til å invitera til dialog i eit gruppemøte, for å gjera budsjettet enda betre.
12 mot 13 gjengangar
Slik samarbeidet er, vil avstemmingar i mange tilfelle enda opp med 13 mot 12 stemmer. Det er på grunn av at Arbeidarpartiet, FrP og dei to uavhengige dannar nettopp 13 stemmer. Dei 12 andre tilhøyrer dei fem partia som då er i mindretal. Slik har fordelinga av stemmer vore i mange saker i fleire periodar – det gjer det vanskeleg for andre parti å få gjennomslag for sine innspel. Dette er Sveio MDG sin representant i kommunestyret, Ole-Ørjan Hov noko lei av.
– Ein del snodige vedtak kunne vore unngått vedteke, i staden for å bli einige om noko fornuftig. Spesielt dette med Vestlandets Monaco, sa Hov, og viste til utspelet frå FrP om å sjå setja ned formuesskatten.
– Eg er ikkje spesielt glad for den type politikk, den kan FrP ha for seg sjølv. Eg skulle ønska at me fekk til noko felles, sa Hov, som meiner det er rart at Arbeidarpartiet heng seg på ein slik type politikk.
Større einigheit
– Det same gjeld eigedomsskatten. Sosial profil blir nemnt, men når me har kome opp i så høgt botnfrådrag blir det utvatna, meiner Hov. Ellers trekte han fram at han var einig i fleire ting frå Ap og FrP sitt framlegg, som kunne vore grunnlag for eit vedtak med større einigheit.
Etter gruppemøtet, der politikarane har moglegheit til å diskutera seg i mellom og koma til felles løysingar, var det ingen som ønskte ordet. Avstemminga gjekk derfor i posisjonen sin favør – som lagt fram av FrP, Ap og dei to uavhengige representantane.