nyhende
Ideelt aksjeselskap skal driva barnehagen vidare:
Bua får eksklusiv søknadsfrist
Styret i Bua ungdomslag går inn for å oppretta eit ideelt aksjeselskap som skal stå for den vidare drifta av barnehagen på Bua frå 1. august 2024. Formannskapet i Sveio vedtok måndag ein eksklusiv frist for dei som vil søkja borna sine inn i Bua barnehage til hausten.
Formannskapet sitt vedtak går ut på at foreldre kan søkja om barnehageplass i Bua barnehage innan søndag 11. februar. Søkartalet skal då formidlast til ungdomslaget 12. februar, og seinast innan 13. februar kan då ungdomslaget melda frå om det er grunnlag for vidare drift eller ikkje.
Skulle det ikkje lukkast å få til vidaredrift på Bua, vil då foreldra framleis ha sjanse til å søkja borna sine inn i andre barnehagar innan den offisielle fristen som er 15. februar.
– Kan trygt søka
– Dette er ei fantastisk handsrekning til oss frå formannskapet. Med dette vedtaket kan foreldra trygt søkja om barnehageplass på Bua utan å vera redde for å stå utan plass dersom me, mot formodning, ikkje skulle få til vidare drift, seier styreleiar i Bua ungdomslag, Nils Haktor Bua.
Ungdomslaget har ikkje sett ei nedre grense for barnetal i barnehagen.
– Dersom me får 25 søknader, vil vidare drift vera sikra. Me kan også tola eit lågare tal. Som tidlegare sagt har me ressursar til å gå med underskot dei første åra.
Ideelt aksjeselskap
Formannskapet sitt vedtak blei formidla til dei frammøtte på eit foreldremøte i barnehagen på Bua måndag kveld. På dette møtet blei det også gjort kjent at styret i ungdomslaget går inn for å skipa eit ideelt aksjeselskap som skal stå for den vidare drifta av barnehagen på Bua. Styret går inn for at ungdomslaget går inn med 300.000 kroner i aksjekapital i dette selskapet. Styret sitt vedtak må stadfestast av årsmøtet i ungdomslaget. Det trur ikkje Nils Haktor Bua blir noko problem.
– Me inviterer både privatpersonar og organisasjonar både i Bua- og Auklandshamn-krinsen – og andre stader – til å teikna aksjar for å få ein endå meir robust barnehage, seier ein optimistisk Bua.
Bua fortel om eit svært kjekt og positivt foreldremøte måndag, der 15-16 foreldre var til stades.
Kan få tilbod om kjøp
I formannskapet sitt vedtak heiter det også at rådmannen blir beden om å gå i dialog med Bua ungdomslag og gjera ei vurdering av korleis kommunen kan tilby ungdomslaget å få kjøpa gamle Bua skule for ein symbolsk sum, for eksempel ei krone.
Rådmannen blir bedd om å setja opp forslag til salsavtale, som også skal inkludera aktuelle klausular. Ein klausul kan vera at kommunen sikrar seg forkjøpsrett til same pris dersom ungdomslaget vil selja. Ein annan klausul kan vera at det ikkje skal drivast skule i lokala.
Diskusjon rundt bordet
– Forslag om å overta bygget er initiert av medlemmer i formannskapet, men dette må me koma tilbake til. Det viktigaste no er å få ei oversikt over kor mange born som frå hausten ønskjer å nytta den flotte barnehagen på Bua. Søknadsdatoen er difor svært viktig, seier Bua.
Ordførar André Mundal Haukås (H) stadfestar at forslaget om å utgreia overføring av bygget til ungdomslaget, kom opp under diskusjonen rundt bordet i formannskapet.