nyhende
Brukar telefon og video til legetimar
Fastlegane går som mange andre nye vegar for å kunna ta seg av alle pasientar i desse koronatider. Mellom anna har dei fått mogelegheit til videokonsultasjonar.
Det er restriksjonar på legekontora for å hindra smitte av korona, men så langt har ein klart å ta hand om pasientar som har andre grunnar enn korona til å kontakta fastlegen. Mange har opplevd at timar som ikkje er heilt nødvendige er blitt utsette. Det beklagar fastlegane, men dette er priorteringar og tiltak som må gjerast for å hindra smitte.
Når ein kjem til eit av legekontora i Sveio, blir ein møtt med ein stopp-plakat på ytterdøra. Der står det mellom anna at ein ikkje skal gå inn om ein har luftvegssymptomar som hoste, sår hals og feber. Unntaket er om ein er kritisk sjuk.
Viktig for både pasientar og tilsette
– Dette er for å hindra smitte og verna om utsette pasientar som må på legekontoret av ulike grunnar. Til dømes for å ta faste prøvar eller har sjukdommar som krev oppfølging. Det er dessutan viktig for å skjerma dei tilsette, seier kommuneoverlege og smittevernlege Ståle Andreassen.
Legekontora har fjerna blader, leiker og andre ting som mange kan ta på i venterommet. Stolane skal stå slik at det er minst ein meter mellom kvar, og flater som blir berørt ofte, blir vaska og sprita ofte.
Må tenkja litt anleis
Den nye kvardagen krev også at pasientane kanskje tenkjer litt anleis.
– Er du sjuk, skal du sjølvsagt ta kontakt. Samstundes er det bra om folk tar litt meir ansvar for eiga helse i den situasjonen me er no med stort press på helsetenesta. Vurder om det er nødvendig å ringa fastlegen. Kanskje kan du venta ein dag til og sjå det an, seier Andreassen.
Ønskjer du time, skal du ikkje møta opp på legekontoret. Ring eller send ei melding. Då får ein avklart om det er trong for hjelp same dag, eller om det går greit med ein time seinare.
Videokonsultasjonar
– I ein del tilfeller er det nok med telefonkonsultasjonar og vidare oppfølging på telefon. Der det er behov for at pasienten kjem til legekontoret, legg ein i størst mogeleg grad opp til fordeling av timane slik at det ikkje er mange pasientar på venterommet samtidig, seier Andreassen.
Legekontora har også fått tilgang til videokonsultasjon. Det krev at pasienten har mobil, nettbrett eller PC og kan logga seg inn med bankID.
– Dette er eit godt godt hjelpemiddel, men ikkje alle har mogelegheit til å nytta det. For dei finn me andre løysingar, seier Andreassen.
Hald deg heime
I skrivande stund er det framleis berre ein person som har fått påvist koronasmitte i Sveio. Som for resten av landet, må ein likevel rekna med at langt fleire er smitta.
– Talet på bekrefta smittetilfeller aukar i kommunanen rundt oss, og det vil nok bli fleire som får påvist smitte i Sveio også etter kvart.
– Smitten er ute i samfunnet, og det er viktig at alle held fram med å gjera det dei kan for å hindra smitte. Både for seg sjølve og andre. Vaske hendene ofte, hald avstand, ikkje gå ut om du har luftvegssymptomar, og hald deg heime minst eit døgn etter at du er frisk, seier Andreassen.