nyhende

Hugs refleks i mørket.
Hugs refleks i mørket.

Bruk refleks på både to- og firbeinte

Trygg Trafikk oppmodar alle til å betre refleksvanane sine, og Tryg Forsikring minner om å også synleggjera dei firbeinte i haustmørket.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag 17. oktober blir Refleksdagen markert over heile landet.

– Refleks er den beste og enklaste måten å bli sett i mørket, seier Ann-Helen Hansen frå Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Kvart år, på den tredje torsdagen i oktober, set Trygg Trafikk søkelyset på refleksbruk for å markera kor viktig det er å vera synleg i trafikken. Dei håpar endå fleire brukar denne dagen til å ta eit aktivt val for eigen og andre sin tryggleik ved å gjera refleks til ein naturleg del av kvardagen.

Sjøvsagt i mørketida

– Mange er veldig flinke til å bruka refleks – og det er bra! Samtidig må me erkjenne at altfor mange framleis ikkje brukar refleks. Me håpar at fleire gjer refleks til noko sjølvsagt i mørketida, seier Hansen.

Ho viser til Trygg Trafikk si siste refleksteljing frå 2023, som viste at 48 prosent av vaksne brukar refleks i mørket. Det var same resultat som året før. Det betyr at litt over halvparten droppar refleksen i mørket.

Hugs på dei firbeinte

Fleire hundar og kattar blir påkøyrt og drepne i den mørke årstida enn elles i året.

– Me har jamnleg saker kor hundar og kattar har blitt påkøyrt, og haustmørket gjer dei vanskelegare å oppdaga, seier Kari Beate Stenseth, skadesjef for husdyr i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Hugs å sikra dei firbeinte med refleks og gjerne lys i tillegg.

Ifølge veterinær i AniCura, Tor Kvinge, opplever dei at hundar som kjem inn som følge av påkøyrsel ofte har skadar som får fatale konsekvensar.

Kattar slepp oftare unna alvorlege skadar på grunn av lavare vekt og ein betre evne til å unngå samanstøyt med bilen.

– Likevel er det fleire kattar som blir påkøyrt, noko som sjølvsagt heng saman med at dei spring fritt. Derfor kan det vera lurt å ha lys eller refleks på halsbandet, seier Kvinge.

Refleks og band

For å unngå dei største farane for hunden din i mørket, er det fleire ting du kan tenka på.

– Ha alltid hunden i band. Den blir fort freista til å springa ut i trafikken for å jaga noko den får auge på. Og sørg for å ha refleks på både deg sjølv og på hunden din, seier Stenseth.

Hun seier også at det kan være lurt at du går med hunden på den sida av deg som er lengst unna trafikken.

– Det er lettare å sjå eit menneske samanlikna med ein hund, så beskytt den og gjer den meir synleg i mørket.

Powered by Labrador CMS