nyhende
Bretta seg til 10 000 kroner
Det lønar seg å skylja, bretta og sortera drikkekartong. Det erfarte Leiv Rossehaug. Nyleg blei han trekt ut som vinnar av 10 000 kroner i Returkartonglotteriet.
Det svarar seg å returnera mjølkekartongar, og denne gongen var det nettopp hans returkartongkubbe som blei vinnarloddet.
Tolmod løna seg
Leiv Rossehaug hugsar ikkje eksakt årstal kva tid han byrja å bretta drikkekartong, men om lag 15 år trur han det må vera. Mange har stilt han spørsmålet «driv du på med dette ennå?», og kvar gong har han nikka bekreftande.
Sist veke fekk han telefonen frå SIM som sette han litt ut. Han var trekt ut som vinnar i Returkartonglotteriet.
– Jøye meg, det var uventa! var det første som fall meg inn og sei, fortel Rossehaug. Dagen etter kom Arild Vik frå SIM og overlevert diplomet på døra.
Vil halda fram
– Mange er nok ikkje klar over at det framleis er mogleg å delta i dette, sjølv vil eg halda fram å kjeldesortera. Du kan vel sei det har gått automatikk i det, kommenterer den heldige vinnaren.
Lotteriet starta i 1997. Ved å skriva namn og telefonnummer på drikkekartongane og kasta dei på rett stad, er du med i trekninga av til saman 1,6 millionar kroner årleg.
– Det blir trekt fire gonger i året ein premie på 100 000 og 30 premiar på 10 000, opplyser Gunnar Moen, kommunikasjonsansvarleg kommunar i Grønt Punkt Norge AS.