nyhende

Sissel Elisabeth Fjellsbø har funne seg godt til rette i den nye jobben som trusformidlar i Sveio. Foto: Einar Vestvik
Sissel Elisabeth Fjellsbø har funne seg godt til rette i den nye jobben som trusformidlar i Sveio.

– Brenn for trygge oppvekstvilkår

– Eg brenn for barn og unge, for å gi dei ein oppvekst under trygge forhold der dei blir sett, høyrt og aksepterte for den dei er.

Publisert Sist oppdatert

Innanfor desse rammene vil Sissel Elisabeth Fjellsbø å forkynna og formidla verdiar til dei som veks opp i Sveio. I august tok ho over etter Haldis Rolvsnes Stueland som leiar for trusopplæringa innan Den norske kyrkja i Sveio.

Mange oppgåver

– Arbeidsområdet mitt er barn og unge. Mest barn. Eg har ansvar for alt frå babysong til Lys våken, dåpsskule  og utdeling av bøker. Etter skuletid for 3. og 4. klassingar ein gong i veka er også eit tilbod som tidlegare samla rundt 20 deltakarar kvar gong. Det har lege nede ei stund, men saman med friviljuge prøver eg nå å få dette opp igjen, seier Fjellsbø.

Ho arbeidar både i Sveio og Førde og Valestrand sokn, men ein del av tilboda finst berre i sentrum.

Likar å dramatisera

Med famnen full av dokker fortel Fjellsbø at ho elskar å dramatisera og at ho i denne samanheng får god hjelp av dokkene.

– Det fungerer for alle aldersgrupper. Nokre av desse dokkene har vore med meg i 18 år, og dei har allereie vore med i kyrkja i Sveio også.

Sissel Elisabeth Fjellsbø er ny leiar for trusopplæringa innan Den norske kyrkja i Sveio. Ho elskar å undervisa ved hjelp av dokker og dramatisering.

Den nye leiaren for trusopplæringa kjem frå Lindås i Nordhordland. Ho flytta derfrå som 15-åring og har seinare budd både i Bergen, Romania og Haugesund. I Romania arbeidde ho på barneheim og i slummen. Dei siste 18 åra har ho jobba i barnehage og i Udland kirke i Haugesund.

Glad i dyr

Overgangen frå Haugesund til Sveio handlar ikkje berre om arbeidsstad, men også bustad. Ho har kjøpt eit eldre hus i Auklandshamn der ho bur saman med ein gut på 18 år, ein hund og ein katt. To hestar som ho for tida låner stallplass til på Bjelland, skal også flytta til Auklandshamn så snart forholda er lagde til rette for det.

– Å stella med dyr har ein svært positiv innverknad på folk, ikkje minst dei som har det litt vanskeleg, seier ho.

Og er ikkje heilt framand for å involvera kjæledyra i arbeidet sitt heller, ein gong i framtida.

Sissel Elisabeth Fjellsbø kjem frå eit småbruk og har no kjøpt seg eigedom med plass til fleire kjæledyr.

Ordknapp om planar

– Eg har stor fridom i denne stillinga og har også nokre tankar om nye tiltak.  Før eg vil fortelja meir om det, må eg likevel bli betre kjent og få på plass det som er fastlagt. Så får me sjå kva det blir tid til, seier Fjellsbø.

Ho opplever at samarbeidet er godt båda blant dei tilsette i kyrkja og med andre som arbeidar med barn og unge i kommunen.

Sidan stillinga hennar berre er på 70 prosent, har ho også ein bijobb for å få hjula til å gå rundt.

Powered by Labrador CMS