nyhende
Breistig imponerte under Forskar Grand Prix
Sigrund Breistig som for tida forskar på digital rehabilitering av kvinner som har overlevd underlivskreft, stakk av med dommarane sitt «wildcard» og dermed finaleplass under Forskar Grand Prix onsdag kveld.
Breistig, som bur på Bråtveit og vanlegvis undervis i gynekologisk sjukepleie på Høgskulen i Vestland på Stord, har for tida ei forskarstilling ved Vid vitskapelege høgskule i Bergen. Og ho var ein av 10 deltakarar i Forskar Grand Prix, eit arrangement i regi av Forskingsdagane i Bergen.
I ein fullsett sal var det publikum som saman med sjåarar på internett som røysta fram forskarane dei meinte var flinkast til å formidle forskinga si til ålmenta.
Dommar-favoritt
Alle dei 10 forskarane hadde først fire minuttar på seg til å formidle si forsking, og då var det tre dommarar som valde ut kva tre forskarar som skulle gå til finalen, kor forskarane fekk fire nye til å formidle meir av det dei har funne.
To av finalistane vart kåra på poeng, medan den tredje plassen var knytt til eit såkalla «wildcard». Etter at dei to første finalistane var ropa opp, var det ein strålande fornøgd sveibu som sikre seg den siste finaleplassen.
Sveibuen fekk mykje skryt frå dommarpanelet.
— Forskaren framstod med tryggleik, tyngde og truverd, skrøyt dommarane før namnet til Sigrun Breistig vart ropa opp som wildcard-vinnar.
Felt med lite fyrverkeri
Forutan formidlingsevna, trekte dommarane fram at Breistig synleggjer viktigheita av eit felt som ikkje får spesielt mykje merksemd. Det er rett og slett lite konfetti og fyrverkeri rundt kvinnehelse-forsking. Men dommarane var altså særs nøgde.
— Me er imponert over roa og truverda i presentasjonen, og kor enkelt du forklarar oss forskinga, var den smale tilbakemeldinga frå dommarpanelet som bestod av journalist Kjetil Dahle frå TV2, forskar Tonje Fyhn frå Norse og skodespelar Sigmund Njøs Hovind.
Alle tre delte ut nest beste karakter, 5, til sveibuen.
Josephine Salice frå Universitet i Bergen vart kåra som vinnar, for si formidling av si forsking på korleis partiklar frå verdsrommet påverkar klimaet på jorda.
Her kan du sjå heile showet og presentasjonane i opptak: Forskar Grand Prix 2022