nyhende

Karoline Storflor driv gardsbutikk, ein av 500.000 utan breiband her i landet. (Foto: Odd Magne Storflor) NTB/NPK
Karoline Storflor driv gardsbutikk, ein av 500.000 utan breiband her i landet. (

Breiband: — Utbygginga går for sakte

Ein halv million nordmenn har ikkje breiband. Noregs Bygdekvinnelag og IKT-Noreg krev at ein milliard kroner årleg blir øyremerkte til breibandutbygging.

Publisert Sist oppdatert
NPK: I alt 240.000 bustadadresser er utan det IKT-Noreg kallar god digital infrastruktur.

– Utbygging av breiband går for sakte. Bidraget til staten er for lite for å setje fart på utbygginga, seier administrerande direktør Øyvind Husby i IKT-Noreg i ei pressemelding på vegner av dei to organisasjonane.

– I år bidreg staten med 300 millionar kroner for å sikre utbygging i område der det ikkje er kommersielt grunnlag gjennom toppfinansiering. Om det nivået blir vidareført, vil utbygginga i beste fall vere fullført i 2030, seier Husby.

Bygdekvinnelaget er utolmodige og vil óg ha raskare utbygging.

– God infrastruktur er avgjerande for å gi like moglegheiter i heile landet. Her er det inga tid å miste. Det handlar om politisk vilje, seier generalsekretær Cesilie Aurbakken og leiar Jorun Henriksen.

Aurbakken minner om at samferdselsbudsjettet totalt er på over 80 milliardar.

– Vi treng ein milliard årleg i fem år for å sikre alle like moglegheiter, seier ho

IKT-Noreg står bak berekninga.

– Frykteleg tungt

Karoline Storflor driv Melkebua på Kilnes gard i Stjørdal og er ein av 500.000 nordmennene som er utan breiband. Arbeidsplassen hennar er ein av seks på garden.

– Vi får det til, men det er frykteleg tungt å skape arbeidsplassar utan breiband, seier ho.

– Det rammar salet vårt. I tillegg mistar kundane ofte kontakten med banken. Då må vi løyse det manuelt. Det betyr at vi ikkje får til effektiv drift. Her må vi i staden gjere mykje manuelt arbeid som ikkje er produktivt eller verdiskapande, seier gründeren.

I 2019 vart ho kåra til Årets bygdekvinne. Ho er mjølkebonde, gründer, butikkdrivar og sit i kommunestyret i Stjørdal. Også privat blir ho og familien ramma dramatisk av manglande breiband.

– På kommunestyremøta som under koronapandemien stort sett har vore digitale, mistar eg sambandet fleire gonger i løpet av møta. Chat må eg skru av og ingen andre i familien kan vere på internett så lenge kommunestyremøta går føre seg, seier Storflor.

I Stjørdal er Ivar Vigdenes (Sp) ordførar. I år er det 15 år sidan dei første husstandane i kommunen hans fekk fibernett.

– Utbygginga går for sakte. Alle må sikrast like moglegheiter til å delta i lokaldemokratiet og få lik tilgang på offentlege tenester og helsetenestene på morgondagen, seier Vigdenes i pressemeldinga.

Blir støtta av Sp-ordførar

– Breibandutbygging er utan tvil det mest effektive verkemiddelet for å lykkast i distriktspolitikken, seier Husby.

På ordførarkontoret i Stjørdal støttar Vigdenes kravet frå Bygdekvinnelaget og IKT-Noreg.

– Eg er glad for at regjeringa i Hurdalsplattforma varslar auka satsing. Vi må få fram grunnleggjande infrastruktur til alle, på linje med straumforsyning. Regjeringas ambisjon bør vere å fullføre utbygginga i heile landet innanfor stortingsperioden, seier Vigdenes.

– Fibernett bør sjåast på som like naturleg som straumnett. Alle husstandar må ha straum og fiber. Det handlar om demokrati, like rettar og moglegheiter for å bu, skape og leve i heile landet, seier Storflor.

– Godt breiband er avgjerande for busetjing og arbeidsplassar. Derfor må det setjast større fart på utbygging, seier Aurbakken og Henriksen.

(©NPK)

Generalsekretær Cesilie Aurbakken (t.v.) leiar i Bygdekvinnelaget, Jorun Henriksen (
Øyvind Husby, IKT-Norge (
Powered by Labrador CMS