nyhende
Brannvesenet med minikortesje for barnehagane
Høyrde du sirener og møtte utrykningskøyretøy i kortesje i dag? Ingen fare på ferde – barnehagebarn skulle gledast.
– Møt opp og vink til oss i brannvesenet, var meldinga til barnehagane. Med sirener og blinkande lys køyrde Haugaland brann og redning iks innom alle barnehagane i Sveio på torsdag.
– Brannvernveka betyr vanlegvis at små og store blir invitert til Open brannstasjon her i vårt område. Men av smittevernomsyn blei det ikkje slik i år. I staden møter me borna der dei er, opplyser Karl Salvesen i Haugaland brann og redning iks.
Etaten køyrer denne veka ut til alle barnehagane i sitt distrikt. Det vil seia sju av dei åtte kommunane. På Utsira blir det laga eit eige opplegg.