nyhende

Biletet er frå utrykking til ein grasbrann i Auklandshamn. FOTO: HRB IKS / BJARNE HETLESÆTER
Biletet er frå utrykking til ein grasbrann i Auklandshamn.

Brannvesen saman med Haugesund er billigast

Eit konsulentfirma har vurdert fire alternativ for brann- og redningsvesenet i Sveio. Eige brannvesen blir det dyraste ifølge rapporten.

Publisert Sist oppdatert

Før kommunestyretmøtet blei sett måndag kveld, presenterte dagleg leiar i Einang Safety Consult, Paul Henriksen ein rapport om organiseringa av brann- og redningsvesenet i Sveio i framtida. Konsulentfirmaet har laga rapporten på oppdrag frå kommunen.

Trass i mange usikre moment, konkluderer ESC med at det billigaste alternativet for Sveio vil vera å etablera brann- og redningsvesen saman med Haugesund.

Konsulentane har vurdert fire alternativ. Anten å bli verande i Haugaland Brann og Redning som no, gå tilbake til eige kommunalt brann- og redningsvesen, samanslåing med Haugesund eller samanslåing med Stord. Alle alternativa oppfyller lova sine krav til brann- og redningsvesen, men eige brannvesen blir det dyraste ifølge rapporten.

Blant dei mange usikre momenta som blir nemnde i rapporten er bygging av Hordfast, eventuelle framtidige kommunesamanslåingar, organisering av ambulansetenesta og tryggleikssituasjonen i Europa.

Konsulentrapporten vil seinare bli grunnlag for politisk behandling av spørsmålet om framtidig brann- og redningsvesen i Sveio.

Powered by Labrador CMS