nyhende
Brann i bustad og fleire trafikkbrot
Det vart ei travel helg for nødetatane i Sveio: Eit branntilløp gjorde ein einebustad i Gullevegen førebels ubueleg, og politiet stansa to bilførarar.
Nødetatane rykte laurdag 21. februar ut til ein einebustad i Gullevegen i Sveio etter melding om røykutvikling. Politiet fekk meldinga klokka 15.03, og nødetatane var framme klokka 15.25. Det vart observert røyk både frå pipa og inne i bustaden. Personane som var i huset kom seg ut, og ingen blei skadde.
Starta i kjellaren
Nærare undersøkingar viste at branntilløpet starta i kjellaren og var årsaka til røykutviklinga, men brannen spreidde seg ikkje vidare i huset. Klokka 16.02 meldte naudetatane at situasjonen var under kontroll. Politiet gjennomførte deretter avhøyr og dokumenterte åstaden med bilde.
Huset framstår førebels som ubueleg, og området blei sperra av i samband med kriminaltekniske undersøkingar, opplyser vaktsjef ved Haugesund politistasjon, Britt Jorunn Løvereide.
Mann teken for promillekøyring
Klokka 00.58 natt til laurdag fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt av vegen på Tittelsnesvegen ved Haukås. Politiet rykte ut til staden og fekk kontakt med føraren, som blåste til over lovleg verdi i ein alkotest.
Føraren, ein mann i 20-åra, blei teken med til legevakta for blodprøve. Han samtykte også til beslag av førarkortet, men ønskte ikkje å la seg avhøyra.
Politiet opplyser at det var mindre skadar på bilen, og at føraren framstod uskadd. Politiet oppretta sak på forholdet, melder vaktsjefen.
Køyrde utan førarkort
Søndag 22. februar klokka 00.20 fekk politiet melding om ein bil som køyrde vinglete på E39, like før Bømlafjordtunnelen i retning Stord. Politiet fekk stansa bilen like før tunnelen.
Det synte seg at føraren, ein mann i 40-åra, køyrde utan gyldig førarkort. Bilen vart parkert i området, og bilnøklane vart tekne med til politistasjonen slik at ein person med gyldig førarbevis kan henta dei. Politiet oppretta sak på forholdet, melder vaktsjef, Løvereide.