nyhende

Brå stopp i Paddevegen

Ein bil har køyrd inn i eit tre langs Paddevegen. Det er ikkje meldt om noko personskade.

Publisert Sist oppdatert

Utforkøyringa vart først meldt inn på ei lokal Facebook-gruppe for Sveio tysdag morgon. Det er ikkje klart nøyaktig når utforkøyringa har skjedd.

Bilen, som står i nærleiken «jaktporten» langs Paddevegen, har synlege skadar på framsida og sjåførsida. Ifølgje vaktsjef ved Haugesund politistasjon er det ikkje meldt om noko personskade.

Powered by Labrador CMS