nyhende

Botox og sjølvbruning til Sveio

Etter fleire år med kabaret på Sveio skule, var det «Ex on the bøgda» sin tur. Onsdag var det premierekveld med inviterte gjester og full sal. Temaet for forestillinga er eit fallande innbyggjartal i Sveio, og kommunestyret som tek føre seg kreative idear for å få blest om bygda.

Publisert Sist oppdatert

I om lag to timar blir me tatt med til Sveio kommune kor innbyggjartalet har falle dramatisk. Ordførar (Synne Kristiansen), saman med kommunestyret, må finna ei rask løysing for å få innbyggjartalet opp att.

KrF-politikaren (Oscar Bårtvedt Talle) foreslår å få meir tilflytting til kommunen ved å legga firefelts motorveg gjennom sentrum, slik at gjennomreisande vil få sjå kor fint det er i Sveio. Forslaget til KrF blir overkøyrt av Senterpartiet (Isabella Vea Høyland) som foreslår å laga eit realityshow lagt til bygda, for det vil skapa akkurat den merksemda kommunen treng.

Bygdedyr og andre dyr

Det tar ikkje lang tid før ein lokalversjon av «Ex on the beach» kjem til Sveio etter at kommunestyret har klart å lokka tv-produsenten med traktorar i alle moglege fargar, og dramatikk i mengder når det kjem til manglande gatelys og hol i vegen.

Reality deltakarane som kjem til Sveio kjem frå Tromsø, Oslo, Texas og Haugesund. Dei er alle på leit etter å møta på gamle flammar, og ikkje minst by på seg sjølv. Regisøren (Malika Patarkhanova) for «Ex on the Bøgda», er ikkje nøgd med nivået av drama, og Stella (Sarah Mathe Vihovde Vestvik) og Christian (Kristine Jirgensone) må trå til for å skape meir «juice».

Realityserien blir fort upopulær blant bygdedyret (Erica Vikse Bjelland) som ytrar misnøye på facebooksida «Ka skjer i Sveio», samtidig som bøndene ikkje vil ha botox og sjølvbruning i bygda.

Dyra på gardane i Sveio tykkjer at sveibuen er rare, og meiner dei heller skulle ha satsa på tvangsbefrukting og store barnekull slik både kanina og rotta på garden ville gjort det.

Tydleg favoritt

Tiandeklassingane gav eit tett innblikk på nerva i Sveio, der mange innslag var farga av tema sveibuen kunne kjenna seg att i. Elevane laga sin eigen vri på musikkvideoen Ærbeskær, med vedhogst og mekking.

Vardebrenning vart også løfta som ein effektiv måte å senda ut bodskap. Ein tydeleg favoritt ut frå latteren til publikum var bestemor, spelt av Oliver Kvilhaug Brurberg, som kom med frekke og treffande replikkar til realityserien.

Undervegs i kabareten fekk me også sjå fleire parodiar av kjende realitydeltakarar frå fjernsyn, som blei presentert i korte videosnuttar. Det var også innslag av ballett, dans og song som imponerte publikum.

Læring gjennom kreativitet

Det er elevane sjølve, saman med lærarar, som har stått for idé, tematikk og utforming av manus.

– Å vera kreativ, utfordra eigne grenser og utfordra seg sjølv lærer ein mykje av i kabaret, fortel lærarane Vidar Vikse og Sølvi Hovda, som er pådrivarar for kabaret som læringsform.

Det er blitt gjort ein stor innsats både framfor og bak scenen, både før og under førestillinga, med PR, filmskaping, vertskap, scenografi, rekvisitt, dans, skodespel, lyd og lys, alt som må til for at kabareten skal gå rundt. I tillegg til å setja opp ei forestilling, fortel Vikse at arbeidet har positiv effekt på miljøet i klassane.

Imponert ordførar

Ordførar André Mundal Haukås var blant inviterte gjester og hylla elevane for ei fantastisk forestilling. Han spara ikkje på rosen då han sa «dette er den beste kabarten eg har sett til no».

Applaus fekk han i retur då han inviterte elevane til pizza etter gjennomføringa.

Powered by Labrador CMS