nyhende

Bønder og forbrukarar saman om å utnytta matjordressursane

Sveio Andelslandbruk er etablert som det første i sitt slag i kommunen. Formålet er å verna matjorda og pusta liv i små, ubrukte gardsbruk gjennom andelslag.

Publisert Sist oppdatert

Sveio Andelslandbruk er eit samarbeid mellom småbrukarane Kristian Eilerås på Eilerås og Arne Valen på Mækjeland, registrert hos Økologisk Norge.

Arne Valen og Kristian Eilerås viser stolt fram den nypløya potetåkeren som ligg i nordaust-halling ned mot Nesevatnet. Her skal også koma salat, lauk og ulike typar kål.

Arne Valen sine besteforeldre kom til Mækjeland rett etter krigen, neste generasjon overtok i 2000, han sjølv i 2011. Men det var først etter at Valen blei pensjonist i 2019, at han fekk lyst å dyrka litt meir. I den prosessen, der han var van med å ha ein sosial jobb i Kirkens Bymisjon, melde han seg inn i kommunalpolitikken for Senterpartiet. Han traff økobonden Kristian Eilerås, (leiar i Sveio Sp og Sveio bonde og småbrukarlag), og dei fann tonen.

Informasjonsmøte

I oktober i fjor arrangerte Sveio bonde og småbrukarlag eit informasjonsmøte om andelslandbruk på Vigdartun. 25 personar møtte.

– Dei som kom var både folk som vurderte dette med andelslandbruk for seg sjølve, men dei aller fleste var interesserte i å bli andelshavarar, fortel Eilerås.

I andelslandbruket tek forbrukarar og bønder i samarbeid ansvar for matproduksjonen.

Kort tid etter bestemte Eilerås og Valen seg for å gå i kompaniskap om eit andelslandbruk. Dei utnyttar kvarandre sin styrke. Eilerås har godt med maskinar og utstyr, medan lokasjonen på Mækjeland er godt tilrettelagt, det er mykje trafikk som renn fordi, ergo det er lettare og organisera besøk, forklarar Valen.

Kortreist og rein mat

Dei to er klare på at det i første omgang ikkje er «business» dei tenkjer på, men at verksemda kan balansera. Dessutan er det viktig å tenkja kortreist mat og utnytting av matjordressursane, meiner dei to som håpar fleire vil etablera andelslandbruk i Sveio.

– I Sveio er det mange bruk som ligg brakk, mange kunne nytta den jorda til matproduksjon. Eg trur og at pandemien er med på å retta fokus på bærekraft, miljø, økologisk mat og sjølvforsyning, fastslår Arne Valen.

Det er ikkje berre poteter og grønsaker som fungerer gjennom eit andelslag. Arne Valen og Kristian Eilerås har også gått saman om å halda gris. 10 stykker går nå og et seg feite på Mækjeland.

Andelshavarar som teiknar seg som medlemmer kan mot ein fast sum i året hausta både poteter, grønsaker, frukt og bær. Dei må også rekna med å delta på tre-fire dugnader i året. Mot ein tilleggssum kan dei også få både svinesteik og bacon frå frittgåande griser.

Kristian Eilerås t.v. og Arne Valen i Sveio Andelslandbruk har gått til innkjøp av ti griser som nyt det gode liv på Mækjeland – enn så lenge.
Powered by Labrador CMS