nyhende

Ein god del matprodusentar slit med anstrengd økonomi, og overgangen frå kvartalsvise til månadlege utbetalingar, vil klart betre likviditeten og betalingsevna deira, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp). Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Ein god del matprodusentar slit med anstrengd økonomi, og overgangen frå kvartalsvise til månadlege utbetalingar, vil klart betre likviditeten og betalingsevna deira, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp).

Bønder får auka straumstøtte ut året

Regjeringa styrkjer straumstøtta for bønder og landbruket. Dagens øvre grense på 20.000 kWt forbruk per månad blir auka til 60.000 kWt

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Utvidinga av straumsikringsordninga inneber at primærprodusentar i jordbruket får ein kompensasjon som dekkjer 80 prosent av utgiftene inntil eit forbruk på 60 000 kWt per månad per føretak.

Bøndene får ei månadleg utbetaling, og ordninga gjeld frå og med oktober og ut desember i år, opplyser regjeringa i ei pressemelding.

– Primærprodusentane får med dei siste forbetringane dekt ein langt større del av utgiftene sine. Bedrifter som ikkje blir omfatta av denne ordninga, kan falle inn under dei generelle ordningane for næringslivet, seier landbruks- og matminister Sandra Borch (Sp).

Statsråden understrekar at dei løysingane som no er foreslått er målretta, særleg mot grøntsektoren, som har høgt straumforbruk til mellom anna kjøling og lagring.

Leiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag seier straumstøtta er svært viktig for norsk matforsyning.

– Eg er fornøgd med at ordninga til jordbruket blir styrkt ved at taket for straumstøtta blir heva. Når mange bønder har vurdert det som ulønnsamt å hauste avlingane, vil dette avhjelpe, seier han.

Regjeringa la fredag fram ein straumpakke som skal hjelpe næringslivet gjennom straumkrisa ved å garantere for lån, støtte energisparing og sørgje for fastprisavtalar. Straumordninga vil treffe rundt 20.000 bedrifter og kostar 3 milliardar kroner.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS