nyhende

Folk kjøper mindre mjølk, men meir smør og ost.

Bøndene tener rekordmykje på Tine

Tine sine driftsresultat på 2,37 milliardar kroner i 2025 fører til at mjølkebøndene får etterbetalt 1,7 milliardar til saman.

Publisert

Det betyr at kvar mjølkebonde får 1,2 kroner per liter dei har levert, skriv Nationen.

– Eit godt resultat for Tine er også eit sterkt bidrag til norsk matberedskap i ei uroleg tid, seier konsernsjef Ann-Beth Freuchen i ei pressemelding.

Ein gjennomsnittleg mjølkebonde leverer 245 tonn med mjølk i året, og det fører til at dei får ei etterbetaling på nærare 300.000 kroner.

Folk kjøper mindre drikkemjølk, men til gjengjeld meir ost og smør. Totalt har etterspurnaden av meieriprodukt auka.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS