nyhende

Fordelinga mellom bøndene og daglegvarebransjen er skeiv, hevdar bonde Kristian Hovde frå Brumunddal. Han meiner forbrukarane betaler for mykje for matvarene i butikkane. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Fordelinga mellom bøndene og daglegvarebransjen er skeiv, hevdar bonde Kristian Hovde frå Brumunddal. Han meiner forbrukarane betaler for mykje for matvarene i butikkane.

Bonden vil ikkje ha skulda for auka matprisar

Matvareprisane har auka med 10,4 prosent samanlikna med juli i fjor. Bonde Kristian Hovde meiner dette er urimeleg då det ikkje er landbruket som får dei ekstra pengane.

Publisert Sist oppdatert
NPK: Det skriv NRK Innlandet.

Kristian Hovde driv gard i Brumunddal. Han vart provosert då han såg det rekordhøge prishoppet på mat.

– Det er ikkje noko moro å sjå på. Det er jo forbrukaren som må betale, og dei betaler mykje meir enn dei er nøydde til no.

Hovde sjølv seier bøndene ikkje er å skulde på, og peikar heller på andre ledd i matbransjen.

– Fordelinga mellom oss og daglegvarebransjen er svært skeiv. Det er noko som ikkje stemmer. Det er i alle fall ikkje bonden som har fått den 10,4 prosenten som maten har stige det siste året, seier han.

Ifølgje Hovde blir forbrukarane lurte, for det er dei som må betale mykje meir enn nødvendig, hevdar han.

Denne påstanden blir tilbakevist av Jarle Hammerstad, leiar av bransjepolitikk i hovudorganisasjon Virke, som representerer blant anna Norgesgruppen, Coop og Bunnpris.

– Dette er ein heilt urimeleg påstand. Det er ein storm av auka prisar på energi, straum, transport, gjødsel og råvarer. Det gjer at vi får desse prisaukane frå leverandørane, som gjer at prisane i butikken blir høgare, seier Hammerstad.

Kjersti Hoff er leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag. Ho seier det er tøffe tider for mange bønder og meiner prisane er for høge i daglegvarebutikkane.

– Bonden har fått noko inntektsauke, men det er berre for å dekkje kostnader.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS