nyhende

Bømling gjest på Sveioutstillinga

Edith Odden frå Moster er ein av utstillarane på Sveioutstillinga i Førde samfunnshus søndag.

Publisert Sist oppdatert

Odden stiller  med maleri. Ho fortel sjølv at ho har malt i 24 år og hatt eige galleri både på Moster og i Markedet i Haugesund. No er ho med i Totalen Kunstlag saman med 16 andre.

Ho er ein ava 13 utstillarar dette året, fortel Astrid Sandvik i ei pressemelding. I tillegg til Odden nemner Sandvik to andre særskilt, begge busette i Førde. Det er Åse Ottesen og Gunnlaug Westergaard. Ottesen har med seg arbeid i keramikk. Ho har deltatt på Sveioutstillinga mange gonger før. Westergaard stiller med produkt innan småstrikk.

Det er Førde Kvinne- og Familielag som arrangerer Sveioutstillinga. I tilknyting til utstillinga blir det også kafé med serververing av middag og heimebakst. I motsetnad til tidlegare år blir Sveioutstillinga i år berre open ein dag, fortel Sandvik.

Powered by Labrador CMS