nyhende
Arkivfoto: Irene Flatnes Haldin
Bømlafjordtunnelen opna igjen etter røykutvikling
E39 gjennom Bømlafjordtunnelen er no opna igjen etter å ha vore stengd torsdag ettermiddag på grunn av røykutvikling frå ein bil inne i tunnelen.
Røyken har avtatt, og politiet har vore på staden. Det vart rekvirert bilberging, men det er ikkje meldt om personskadar.