nyhende

Det går mot ei vindfull helg. Kart: Meteorologane på X
Det går mot ei vindfull helg. Kart: Meteorologane på X

Bombesyklonen nærmar seg

Eit heftig lågtrykk er på veg mot vestlandskysten, og det er sendt ut gult farevarsel for vårt område. No meldes det også meir vind både laurdag og søndag.

Publisert Sist oppdatert

Først treff stormen Irland og Storbritannia, og der er vinden venta å bli så ille at den har fått namnet Éowyn.

Siste oppdatering frå Meteorologane på X fredag ettermiddag er at stormen herjar skikkeleg i vest. I Irland er det i dag målt rekordhøge vindkast på 51 m/s. Det tilsvarar 183 km/t.

Kraftige vindkast

På veg mot oss vil vinden bli dempa noko over Nordsjøen, men farevarselet på Yr tilseier at me kan venta oss rikeleg med vind:

Frå fredag ettermiddag er det venta lokalt kraftige vindkast på 27-33 m/s fra søraust. Fredag kveld dreiar vinden sørleg og det er venta opp til full storm på kysten. Natt til laurdag dreiande sørvestleg og etter kvart vestleg. Vinden aukar først i sør og minkar sist i nord.

Varselet gjeld for for Rogaland og deler av Vestland og Agder.

Melder meir vind søndag

For Sveio ser det ut til å bli sterk kuling i kasta frå 13.00-tida fredag, raskt aukande til liten storm og opp i full storm frå 19.00-tida fredag. På det nivået vil vinden halda seg fram til 07.00-tida laurdag morgon.

Siste oppdatering fredag morgon viser at vinden skal løya til liten storm i kasta rundt klokka 08.00 laurdag. Deretter er det venta nokre timar med sterk kuling før vinden igjen auka på til liten storm frå 17.00-tida. Først i 23.00-tida kan sveibuane rekna med «berre» stiv kuling kasta.

Torsdag ettermiddag såg det ut som det skulle bli liten vind, men ein god del regn søndag. For Sveio har det endra seg ein heil del på meldingane fredag morgon. Vinden skal roa seg mykje natt til søndag, men frå 10.00-tida søndag blir det no meldt auke til sterk kuling i kasta nokre timar. Deretter er det venta stiv kuling i kasta heilt fram til 19.00-tida.

Bombesyklon

Meteorologane kallar denne type lavtrykk for ein bombesyklon.

Ein bombesyklon er ein kraftig storm som oppstår når eit lavtrykkssystem blir styrka raskt. For å kvalifisera som ein bombesyklon, må lufttrykket i stormen falla drastisk, meir enn 24 millibar innan 24 timar.

Bombesyklonar er mest vanleg i kystområde i Nord-Amerika, der kalde polarluftmasser møter varmare sjøluft. Navnet «bombesyklon» refererer til den eksplosive intensiveringen av stormen, som kan føre til kraftfull vind og mykje nedbør.

– Dette er eit djupt lågtrykk som er på veg vestover mot oss. Det kjem mye vind, kraftige vindkast, og mye regn og snø i indre strøk. Litt mindre nedbør på kysten, sier meteorolog Leonidas Tsopouridis til Haugesunds Avis.

Fare for innstilte ferjer

Førebels har det ikkje kome noko meldingar om sambandet Langevåg-Buavåg, men Vegtrafikksentralen har lagt ut følgande melding for Arsvågen-Mortavika på X:

– Med bakgrunn i vêrmeldingane, gjer ferjeselskapet reisande merksame på at sambandet kan bli heilt innstilt på kort varsel i ettermiddag/kveld. Vi oppfordrar derfor alle som skal reisa over Boknafjorden i dag om å vera tidleg ute.

Yr sine anbefalingar og konsekvensar ved gult farevarsel kan vera lurt å ha i mente dei kommande døgna:

Anbefalingar

  • Sikra lause gjenstandar.
  • Lukk vindu og dører godt til.
  • Sørg for at takrenner, stillas, antenner og presenningar er godt festa.
  • Unngå unødvendig ferdsel på utsette stadar.
  • Følg råd og sjekk status fra transportaktørar.
  • Sjekk vegmeldinger (175.no).
  • Ver forsiktig ved ferdsel i strandsona og på sjøen.
  • Vurder å forhånd tiltak for å avgrensa skade.

Konsekvensar

  • Lause gjenstandar kan blåsa av garde.
  • Moglegheit for kansellerte avgongar for ferje, fly eller annan transport.
  • Bruer kan bli stengt.
  • Enkelte reiser vil kunna få lenger reisetid.
  • Straumforsyninga kan bli påverka, for eksempel som følge av tre som knekk eller kjem i kontakt med straumnettet.
  • Enkelte vegar kan bli stengt på grunn av tre eller andre objekt i vegbanen.
  • Snøfokk i fjellet gir redusert sikt og moglegheit for kolonnekøyring og/eller stengte vegar.
  • Høge bølger kan gi skade på infrastruktur og bygningar i strandsona.
Powered by Labrador CMS