nyhende

KrF-leiar Olaug Bollestad gir seg i politikken.
KrF-leiar Olaug Bollestad gir seg i politikken.

Bollestad gir seg i politikken

Avgått KrF-leiar Olaug Bollestad skriv i eit innlegg på Facebook at ho gir seg i politikken og at ho no tek fatt på sitt siste år som stortingsrepresentant.

Publisert Sist oppdatert

I innlegget takkar Bollestad medlemmer og lokallag i Rogaland som har gitt henne støtte framfor nominasjonsprosessen for stortingsvalet neste år.

– Når eg no trekkjer den endelege konklusjonen om attval eller ikkje, så handlar det ikkje om verken varslingssaka, mangel på engasjement eller trua på KrFs politikk. Det handlar om at eg forstår biletet og les signal som no er gitt, og har derfor komme til at eg takkar nei til attval som stortingsrepresentant for Rogaland KrF frå 2025, skriv ho.

Tida vil vise

Ho skriv vidare at tida vil vise kvar reisa går vidare frå hausten 2025, og at ho ikkje er ferdig med oppdraget sitt sjølv om ho no gir seg i politikken.

Bollestad trekte seg som leiar for KrF 22. august etter eit krisemøte med sentralstyret i partiet. Bakteppet var eit skriftleg varsel frå tre tilsette i partiet der dei mellom anna skuldar Bollestad for å ha ein kritikkverdig leiarstil.

Før leiarstriden i partiet vart offentleg, takka Bollestad ja til å vere toppkandidat på stortingslista til Rogaland KrF. No har ho altså ombestemt seg.

Sjukemeldt til 30. september

– No skal eg ta fatt på mitt 12. og siste år som stortingsrepresentant, skriv Bollestad på Facebook.

Ho har vore sjukmeld sidan juni. I august vart sjukmeldinga forlengd til 30. september.

– Eg skal no gjere mitt for gradvis å kunne komme tilbake til Stortinget for å fullføre oppdraget som veljarane i Rogaland har gitt meg, skriv Bollestad.

Powered by Labrador CMS